Ouvrez le Chien (Live Dallas 95) er eit konsertalbum av den engelske musikaren David Bowie med opptak frå oktober 1995, gjeve ut i juli 2020.
Opptaket dokumenterte ein av konsertane under Outside-turneen, den 13. oktober 1995 på Starplex Amphitheater i Dallas i Texas. Albumet kom ut på digitale plattformer i juli 2020 og på CD- og vinyl 30. oktober 2020. Den digitale utgåva inneheld òg to konsertopptak frå konserten i Birmingham frå same konserten. Ouvrez le Chien nådde 32. plassen på den britiske albumlista. Albumet var ein del av ein plateboks på seks plater kalla Brilliant Live Adventures.
Innhald
Medverkande David Bowie – vokal Reeves Gabrels – gitar Carlos Alomar – gitar, korvokal Gail Ann Dorsey – bassgitar, vokal Zack AlfordDiscogs - Zachary Alford - (profile & discography) – trommer Mike Garson – piano Peter Schwartz – synthesizer, musikalsk leiar George Simms – korvokal, klaverinstrument
Kjelder
Kategori:Konsertalbum frå 2020 Kategori:Konsertalbum av David Bowie Kategori:Parlophone-album