Cecilie Rise Ortner () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Sandane i Nordfjord. Ho vart norsk meister i lengdehopp i 2001 og 2004 og åra 2002-05 i tresteghopp.
Aktiv Årleg medalje i perioden 1997-2005 sikra Rise seg minst ein medalje i noregsmeisterskap. Til saman i lengdehopp og tresteghopp vann ho då seks gullmedaljar, sju sølvmedaljar og to bronsemedaljar. Seks år etter ho hadde lagt opp, kom ho i 2011 tilbake og vann bronsen i tresteg-øvinga då noregsmeisterskapen vart avvikla på Byrkjelo, hennar tidlegare heimebane. Rise var medlem i Gloppen Friidrettslag og vann medalje, to sølv og ein bronse, med laget i 1000 meter stafett under NM i åra 1999-2001.
Rise sine personbeste lengdehopp og tresteghopp kom i løpet av ei veke i 2003. Den 2. august hoppa ho 6,24 meter i lengde ved eit stemne i Ebensee i Austerrike. 8. august nådde ho 13,26 meter i tresteg på Fredrikstad stadion.
Ho er utvandra til Austerrike.
Kjelder
World Athtletics
Kategori:Norske sprintarar Kategori:Norske lengdehopparar Kategori:Norske tresteghopparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Folk frå Gloppen