Live at La Cigale, Paris, 25th June, 1989 er eit konsertalbum av det engelsk-amerikanske hardrockbandet Tin Machine. Albumet vart berre gjeve ut digitalt og kom ut i august 2019 i høve 30-årsjubileet til debutalbumet til Tin Machine.
Heile konserten vart spelt inn og eit utdrag på åtte songar vart så kringkasta på Westwood One FM-radio. Fire songar frå den same konserten vart gjevne ut som B-sider til singlane frå 1989: «Tin Machine» og «Prisoner of Love.» Desse fire songane og ytterlegare fire songar kom ut på konsertalbumet. Albumet vart miksa av Tim Palmer, som var produsenten på dei originale Tin Machine-albuma.
Innhald
Medverkande David Bowie - vokal, gitar Reeves Gabrels - gitar Tony Sales - bass, korvokal Hunt Sales - trommer Kevin Armstrong - gitar, korvokal
Teknisk Tin Machine - produsent Tim Palmer - produsent
Miksa av Tim Palmer i Swan Yard Recording Studios i London, assistert av Elliot Ness Mastera av Justin Shturtz i Sterling Sound, juni 2019
Kjelder
Kategori:Konsertalbum frå 2019 Kategori:Tin Machine-album Kategori:Parlophone Records-album