Glass Spider-turneen var ein verdsturné av den engelske musikaren David Bowie i 1987 etter han gav ut albumet Never Let Me Down. Turneen byrja i mai 1987 og vart marknadsført av ein to veker lang presseturné der Bowie vitja ni land gjennom Europa og Nord-Amerika. Glass Spider-turneen var den første Bowie-turneen som vitja Austerrike, Italia, Spania, Irland og Wales. Turneen vart sponsa av Pepsi og det var meininga at turneen skulle vitje Russland og Sør-Amerika òg, men desse planane vart seinare avlyste. Turneen var på det tidspunktet den lengste og dyraste turneen til Bowie til då. På den tida vart dei omfattande kulissane nytta under turneen kalla «det største turnésettet nokon gong».

Bowie ønskte at turneen skulle vere eit teatralsk show, og inkluderte talte monologar til somme av songane, vignettar og visuelle knep som projiserte videoar, teatralsk lyssetting og kulissar. På scenen hadde Bowie med seg gitaristen Peter Frampton og ein trupp på fem dansarar (koreografert av den mangeårige samarbeidspartnaren Toni Basil). Med temaet «Rockestjerner kontra røyndom», vart showet delt inn i to akter og eit ekstranummer. Setlista vart modifisert i løpet av turneen etter kvart som Bowie droppa somme av dei nyare songane sine for eldre songar i repertoaret sitt.

Turneen fekk generelt dårleg kritikk på den tida og vart rekna for å vere overblåst og pretensiøs. Trass i kritikken sa Bowie i 1991 at det la grunnlaget for seinare suksessrike, teatralske turnear av andre artistar, og at designet av kulissar og integrasjonen mellom musikk og teater seinare inspirerte ei rekkje andre artistar. Frå og med seint i 2000-åra byrja turneen å få god omtale for suksessen sin, og i 2010 vart turneen kalla ein av dei best designa konsertturnane gjennom tidene.

Turneen gjekk godt og hadde høge publikumstal, og kan ha blitt vitja av så mange som seks millionar fans verda over, men den dårlege kritikken av albumet og turneen førte til at Bowie gav opp planane om andre utførlege sceneshow, og han måtte i tenkeboksen for korleis han skulle lage musikk framover. Turneen vart kalla opp etter ein song på albumet, «Glass Spider», og framføringar på turneen kom ut på VHS-videoen Glass Spider (1988, gjeve ut på DVD i 2007).

Bakgrunn Førebuinga for turneen byrja så tidleg som i 1986, då Bowie ba bandet sitt «vere klar for neste år.» Bowie var i starten stille om planane sine for turneen og sa berre «Eg skal gjere denne scenegreia neste år, som eg er utruleg spent på, fordi eg skal ta sjansar igjen.» Då han vart spurt om fleire detaljar svarte han «Nei! [ler.] Det er for mange artistar som er der ute. Eg skal berre gjere det eg alltid gjer, som er å gjere det interessant.»

Då turneen vart annonsert la Bowie ut på ein presseturné som dekka ni land på to veker, inkludert Canada, USA og sju land i Europa. Presseturneen inkluderte små konsertar, vanlegvis på mindre stader med kring 300 menneske i publikum, og lokale fans fekk ofte lov til å delta. Han nytta høvet til å lære pressa om albumet og turneen, og dei mange intervjua let han rette opp feilinformasjon. På pressekonferansen i London oppklarte han «Eg sa ikkje 'lys, kostyme og sex,' det eg sa var 'lys, kostyme og teatralske sett' » som svar på eit spørsmål om kva publikum kunne vente seg under konsertane. Presseturneane omfatta framføringar av somme av songane på Never Let Me Down.

Bowie fekk med seg den mangeårige venen Peter Frampton på turneen. Frampton sa «Eg har ikkje ei bok å selje. Eg har ikkje eit album å selje. Eg er berre her som gitarist. Det er ikkje noko press. Eg kosar meg.» Frampton og Bowie hadde kjend kvarandre sidan tenåra då dei begge gjekk på Bromley Technical School, der far til Frampton, Owen Frampton, var kunstlæraren til Bowie.

Utvikling Bowie hadde eit klart mål for denne turneen: å gå attende til det teatralske han hadde gjort ein kort periode i 1974 under Diamond Dogs-turneen. Han ønskte at denne turneen skulle vere «ultra-teatralsk, ein kombinasjon av musikk, teater og rock», og meinte at den tidlegare turneen hans hadde gått bort frå det teatralske han ønskte, sjølv om det hadde vore ein suksess.

Bowie sa «For Serious Moonlight-turneen i 1983 kom promotørane og sa 'Høyr her David, me har flytta deg frå denne salen som tar 10 000 sete til denne som tar 30 000 sete' ... og det voks og voks til det var 60 000 sete. La oss redusere det teatralske og verkeleg gje dei songane dei har høyrt på radio dei siste 15 åra - songar som dei truleg ikkje visste kom frå heile katalogen til denne karen. Men under denne turneen meiner eg at publikum no alt veit dette. Det eg har lyst til å gjere no er å la songane arbeide for framføringa. Det vil garantert bli nokre obskure songar her, i det minste for det generelle publikummet. Det vil bli songar frå album som ikkje var store album, men no vil desse songane faktisk passe inn i seksjonar av showet. Så når du set tre songar i lag, kan du skape ein vignett som fungerer. Det har ei byrjing og ei avslutning og omhandlar eitt tema.»

Bowie indikerte at han «kjende på vatnet» med denne turneen, og vurderte potensielt andre store, liknande sceneshow om turneen vart ein suksess: «Songane må fungere i showet. Det er ikkje showet som arbeider for songane, om du forstår kva eg meiner. Det er derfor det er så annleis. Og det er det som gjer det så spanande, fordi det er eg slik eg eigentleg likar å arbeide. Eg meiner, eg likar å lage eit show. Eg har ei showbok som er nesten som Bibelen du har når du arbeider på eit skodespel. Det er skrive og strukturert kring ulike tematiske grep. Uheldigvis er det i revyform fordi ingen av songane er skrivne for showet. Det er sjølvsagt det ultimate. Om dette fungerer slik eg håpar, er det neste steget for meg å skrive eit stykke spesifikt for arenaer og stadion, som er nesten som å ta ein musikal på vegen der det går ein raud trå gjennom det heile, med ei bestning i roller, skriven som eit episk teaterstykke.»

Bowie valde at temaet for showet skulle vere «realitet og urealitet i rock,» eller som ein kritikar kalla det, «rockestjerner kontra røyndom». Bowie sa «Det handlar ikkje berre om ein rockesongar. Det handlar om rockemusikk, så det har mykje å gjere med publikum og korleis dei omfattar rock, og rockefigurar og alle klisjeane, arketypane og stereotypane, og familieforhold.»

Under sjølve showet nytta Bowie ei rekkje rekvisittar: «Eg prøver verkeleg å gjere mykje greier! Det omfattar rørsle, dialog, filmfragment, projiserte bilete. Det er det som vart kalla multimedia i 1960-åra.» Bowie skildra korleis han sette saman showet og sa «IDeen var å lage surrealistiske eller minimalistiske scenestykke som akkompagnerte rockesongar. Eg ønskte å knyte saman eit slags symbolistteater og moderne dans. Ikkje jazzdans, og sanneleg ikkje MTV-dans, men noko som meir inspirerte folk som Pina Bausch og ein Montreal-gruppe kalla La La La Human Steps. Det er somme symboliststykke, somme minimaliststykke, nokre vulgære stykke òg - og noko er beint fram vaudeville.»

Då Bowie vart spurt om kva han tenkte at publikum venta seg av han på denne turneen sa han: «Eg tenkjer dei har kome for å sjå om eg fell ned eller noko slikt. Eg veit sanneleg ikkje. Eg veit at dei får det dei reknar for å vere ei verkeleg god framsyning. Eg tenkjer at i løpet av åra har eg bevist at eg gjer mitt beste for å gje dei ein ny visjon av musikalsk informasjon på scenen. Så eg tenkjer at det truleg er eit element av det, men eg kan ikkje gå lenger enn det. Eg veit sanneleg ikkje kva dei ønskjer frå meg. Eg har eigentleg aldri klart å skrive for dei. Eg har bere skrive og framført det som interesserer meg. Så i røynda har dei ein avtale med meg og det er flott. Eg meiner, eg har mista publikum mange gonger i løpet av åra, og dei har kome attende igjen av ein eller annan grunn. Eg har ein slags gjensidig avtale med dei. Om det ikkje går så bra, så held dei seg borte. Som er ein ærleg sak.»

Bowie koordinerte visstnok delar av turneen via epost, som var sjeldan seint i 1980-åra.

Songar Bowie valde å spele mindre kjende songar på turneen og unngjekk somme av dei største hittane sine. Han ønskte ikkje å repetere formatet frå Serious Moonlight-turneen og sa «Det verkar så lett. Det var jubel frå starten av. Du veit korleis du skal få ein reaksjon - spel 'Changes,' 'Golden Years' og dei sprett opp på beina sine. Du får reaksjonen, tek pengane og går vidare. Det verkar får lett. Eg ønskjer ikkje å gjere det ein gang til.» I eit anna samtidig intervju sa han «Eg kjem ikkje til å gjere 'Star' igjen. Den var ganske vanskeleg. Eg trur ikkje eg kjem til å gjere mykje frå Ziggy på denne turneen. Eg kjem truleg til å spele mykje frå midten av 1970-åra, men ikkje meir tunge ting som 'Warszawa.' Eg har prøvd det og det var litt gjespande. Det var ein eg nynna for meg sjølv her ein dag, 'Sons of the Silent Age!' Så det er for meg ein ny song. Eg har aldri spelt den på scenen før.» «Sons of the Silent Age» vart framført på alle konsertane på turneen.

Alle utanom to songar («Too Dizzy» og «Shining Star (Makin' My Love)») frå albumet Never Let Me Down vart framførte i løpet av turneen, sjølv om «Shining Star» var blant songane som vart øvd inn. Andre songar som vart øvde inn, men ikkje framførte var «Because You're Young» og «Scream Like a Baby», begge frå Scary Monsters (And Super Creeps) (1980). Fleire songar som Bowie hadde venta å spele på turneen vart skrinlagde før øvingane kom i gang, som «Space Oddity» (frå David Bowie (1969)), «Joe the Lion» (frå "Heroes" (1977)), «Ricochet» (frå Let's Dance (1983)) og «Don't Look Down» (frå Tonight (1984)).

Songane vart «valde ut fordi dei passa framsyninga» og passa målet til Bowie om å lage eit show som var mykje meir teatralsk med eit sterkt dramatisk innhald. Då han vart spurt om korleis han skulle skape rockeshowet sitt meir «dramatisk» svarte han «Du vil bli overraska over kva du kan gjere med eit seks mann stort rockeband og ein scene og eit par lys.»

Scenografi mini|left|Bowie på scenen på Rock am Ring – 7. juni 1987 Scenografien på under turneen vart på den tida «den største scenografien for ein turné nokon gong,» og vart designa til å sjå ut som enorm edderkopp. Han var 60 fot (18,3 m) høg, 64 fot (19,5 m) brei og omfatta enorme bein av vakuumrøyr som vart oppløyste frå innsida av med 6 meter høge fargeskiftande lys. Det måtte 43 lastebilar til å for flytte eit enkelt sett, som var estimert til å vege 360 tonn. Videoskjermar på 5 x 6 meter synte video og bilete frå showet til dei i publikum som var lengre unna scenen. Systemet kravde at showet inkluderte to separate lydsystem, 260 høgtalarkabinett, tusen lys (med ein samla effekt på 600 000 watt) og tre datamaskinar. Mark Ravitz, som var scenograf, hadde tidlegare designa Diamond Dogs-turneen i 1974.

Dette var den første turneen til Bowie der det fanst trådlaus mikrofonteknologi, som gjorde at Bowie kunne flytte seg fritt på scenen under konertane. Dette gjorde at han kunne samhandle med dansarane og musikarane meir fritt. Settet bestod derfor av eit tre etasjar høgt mobilt stillas der Bowie og dansarane stundom klatra på under showet.

Kvart sett kosta ti millionar amerikanske dollar. Bowie sjølv investerte ti millionar av sine eigne pengar for å finansiere turneen, og han betalte éin millino dollar i veka i løn til dei 150 personane som sette opp og tok ned dei tre setta som vart nytta under turneen. I Philadelphia, der turneen opna i USA, vart sette skildra å ta «300 menneske fire dagar» å byggje.

Kring halvvegs under den første delen av turneen i Europa, oppdaga Bowie at den komplette edderkopp-settet var så stort at det ikkje passa i dei fleste innandørshallane. Han sa «det ville ha kosta meg mellom 500 000 og 600 000 dollar å endre settet nok til å ta det innandørs. Eg kan komme til å få laga eit mindre innandørssett i løpet av turneen.» Han bestilte faktisk eit tredje, noko mindre sett (kalla «Junior Bug»-settet) som skulle nyttast innandørs, som i Madison Square Garden i New York.