Alma Mariane Lund (), fødd Wikstrøm, var ein finsk-norsk operasongar og skodespelar. Ho song sopran.
Lund var fødd i Åbo. Ho var tilsett ved den finske nasjonaloperaen i Helsingfors og seinare ved Den Nationale Scene i Bergen. Ho var ein av fleire bergenske skodespelarar som drog til det nye Nationaltheatret då dette opna i 1899. Her song ho i koret ved teateret, som òg var faste statistar i oppsetjingar. Ho hadde også ein del småroller og songroller. Marta i Faust var den største oppgåva ho hadde. Ho trekte seg tilbake frå teateret i 1920.
Alma Lund hadde den kvinnelege hovudrolla i den første norske spelefilmen, Fiskerlivets farer frå 1907. Ho var gift med operasongaren Bjarne Lund (1858–1894).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alma Lund» frå , den 8. september 2021.
Kategori:Skodespelarar ved Den Nationale Scene Kategori:Skodespelarar ved Nationaltheatret Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske operasongarar Kategori:Finske skodespelarar Kategori:Finske operasongarar Kategori:Folk frå Åbo