Alma Halse () var ein norsk forkynnar og velgjerar. Ho fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1965 og Alle Kvinners ærespris i 1963 for den kristen-humanitære innsatsen sin i Alta i Finnmark.
Alma Halse var fødd på Åheim i Møre og Romsdal. Ho kom til Finnmark i 1933 som forkynnar og hjelpearbeidar innen Pinserørsla. Kyrkjelyden Filadelfia i Ålesund støtta arbeidet økonomisk. Etter kvart blei Alma Halse eit kjent namn omkring i landet, og mange frivillige drog gjennom åra til Alta for å støtta Alma Halse i hjelpearbeidet hennar.
Halse hjelpte foreldrelause, fattige og heimlause, flyktningar, sjuke og eldre. I Bossekop bygga ho opp barneheimen Betania, omsorgsbustader innan psykiatri og ein pleieheim.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alma Halse» frå , den 8. september 2021. oppgav desse kjeldene: John Willy Rudolph: Alma Halse - en kvinne i kamp. (1961), Forlaget Filadelfia
Kategori:Norske kristne predikantar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Folk frå Vanylven