mini|Faksimile av Fredmans sång nr 35 frå førsteopplaget frå 1791. Gubben Noah, opphavleg «Om gubben Noach och hans fru», Fredmans sång n:o 35, er ei drikkevise med tekst av Carl Michael Bellman. I moderne tid har forenkla versjonar av første verset blitt utbreidd som ein barnesong.Alfons (1993), sid 37 Songen var ein av dei fyrste store suksessane til Bellman, og er sannsynlegvis framleis den best kjende av visene hans.

Visa blei gjeven ut i den første utgåva av Fredmans sånger 1791, men var då velkjend og spreidd, mellom anna gjennom skillingstrykk. Den tidlegaste avskrifta er blitt datert til 1766, men songen er truleg eldre. Opphavet til melodien er ukjent.

Bakgrunn Bellman skreiv tidleg enkle drikkeviser med bibelsk motiv; dette var allereie ein etablert sjanger. Noah var ein vanleg hovudperson, basert på Fyrste mosebok 9:20–21 der det i svensk omsetjing står: «Noa var åkerbrukare, han var den första som anlade en vingård. När han drack av vinet blev han berusad och låg naken i sitt tält». Bellman endra likevel sjangeren, som meir kom til å likna dei religiøse betraktelsedikta, der mottakarane var forventa å meditera over ein bibelsk scene og ta lærdom. «Gubben Noach» var sannsynlegvis den første songen i denne nye stilen.Lönnroth (2005), s. 88-89

Mottaking Songen blei ein stor suksess, den største til då for Bellman. Han prøvde seg på fleire songar i liknande stil, til dømes «Joakim uti Babylon» etter bibelforteljinga om kona hans Susanna i badet, «En Potifars hustru» og «Ahasverus var så mäktig», men ingen av desse blei like store suksessar.Lönnroth (2005), sid. 92 Fleire av desse blei sidan samla i Fredmans sånger som nummer 36–43.

Med ei viss redsle for kyrkja valde Bellman å fyrst gje ut drikkevisene sine med bibelsk motiv i skillingstrykk med anonym opphavsmann i heile landet. Likevel visste dei fleste, særleg i hovudstaden, kven tekstforfattaren var. I 1768 blei reaksjonane kraftige i domkapittelet i Lund, og gjennom eit brev til prestane i stiftet freista ein å samla inn alle eksemplar av «Gubben Noach» og liknande bibelparodiar av Bellman for å få dei øydelagde.Hillbom (1992b), s. 282-287

Tekst mini|Noah og sønene hans lagar vin. Illustrasjon frå Holkham Bible frå 1300-talet.

Songen utspelar seg etter at Noah har grunnstøytt på fjellet Ararat og lét anleggja ein vingard. Deretter sluttar koplinga til Bibelen. I staden blir Noah skildra som ein jovial «gubbe» med enkle vanar som ikkje brukar parykk, og drikk vinen sin utan å bry seg om å skåla. Tilveret hans framstår som ein enkel idyll, i lag med ei tolerant kone eller «gumma» i ei paradisisk ny verd. Han blir òg framstilt som ein menneskeven etter han planta vinranker til glede for alle.Lönnroth (2005), s. 89-90

Det fyrste verset lyd:Hillbom (1992a), s. 85 Gubben Noach, Gubben Noach Var en hedersman, :||: När han gick ur arken Plantera han på marken Mycket vin, ja mycket vin, ja Detta gjorde han.

Barnevise mini|400x400pk|Samanlikning mellom Bellman sin versjon og den noko forenkla barnevisa. mini|Lytt på versjonen til barnevisa Det finst ein forenkla versjon, med annan tekst, som blir brukt som barnevise.Alfons (1993), sid 37

TekstAlfons (1993), sid 37 Gubben Noak, gubben Noak var en hedersman När han gick ur arken plantera han på marken Gubben Noak, gubben Noak var en hedersman.

Gubben Noak, gubben Noak var en hedersman När han skulle äta tappa han potäta. Gubben Noak, gubben Noak var en hedersman. etc.

Det finst også norske versjonar, som denne: Gubben Noa beit i tåa så det gjorde vondt. Så kom doktor Brille, surra på ei fille. Gubben Noa beit i tåa så det gjorde vondt

Den norske barnesongen kan også ha to vers.

Melodien til barnevisa er òg forenkla samanlikna med den til Bellman. Same melodi blir òg nytta til songleiken «Bjørnen sover» og andre songar som «Kom min lilla, no vi vilja raskt till skolen gå».

Innspelingar

Det blei gjort fleire tidlege albumopptak i 1914.

Birgitte Grimstad spilte inn songen på LP-en Utdrag fra Aulakonserten (RCA LPNE 63) i 1967.

Helge Songe framførte songen på Øl er i alle fall øl. Ymse drikkeviser (Polydor 2920 162 i 1976.Plateetiketten

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gubben Noach» frå , og «Gubben Noak» frå den 26. august 2021.

Bakgrunnsstoff

Fredmans sång n:o 35 på Projekt Runeberg. Fakta om Fredmans sång nr 35 Uppteckning från 1800-talet där musiken benämns "Andantino af Haeffner" (arkivert nettside)

Kategori:Verk av Carl Michael Bellman Kategori:Svenske songar Kategori:Barnesongar