Hilde Sandvik () er ein norsk journalist og tidlegare kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende. Sandvik er fødd i Erfjord i Suldal kommune og utdanna cand.philol. frå Universitetet i Bergen.

Journalist og redaktør Sandvik var i perioden 2003-06 redaktør i tidsskriftet Syn og Segn saman med Marit Eikemo.

Ho var sommaren 2005 debattredaktør i Dagbladet. Ho har òg vore spaltist i Klassekampen og dessutan skribent i fleire andre publikasjonar. I perioden frå 2006 til 2016 var ho i Bergens Tidende, først som journalist, så som debattredaktør, og i 2010–16 var ho kultur- og debattredaktør.

I 2012 fekk Sandvik Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, saman med Katrine Sele.

I 2016 lanserte Sandvik Broenxyz, eit nordisk mediehus, med seg sjølv som redaktør.

I 2020 lanserte NRK P2 i lag med SR og DR radioprogrammet «Norsken, svensken og dansken», eit skandinavisk samarbeid med Hilde Sandvik som programleiar.

Styreverv Hilde Sandvik er medlem av Utvida Råd i Studentersamfunnet i Bergen. Utvida Råd består av ressurspersonar frå akademia, mediebransjen og kulturlivet i Bergen, og er eit kompetanseorgan for Studentersamfunnet. Ho har tidlegare vore styremedlem i samtidsmusikkfestivalen Borealis og nestleiar i Norsk Tidsskriftsforening.

Sandvik har sidan 2016 vore styremedlem i Amedia, og er i 2020 nestleiar i styret.

Forfattar Våren 2007 kom Sandvik ut med boka Hersketeknikk, skriven i lag med Jon Risdal. I Diverse teikningar, òg frå 2007, stod Marvin Halleraker i Bergens Tidende for teikningane og Hilde Sandvik for teksta. Hausten 2008 kom boka Traktorland saman med Knut Egil Wang.

Bibliografi

Hersketeknikk, saman med Jon Risdal, Spartacus (2007) Diverse teikningar, saman med Marvin Halleraker, Bergens Tidende (2007) Traktorland, saman med Knut Egil Wang, Cappelen Damm (2008)

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Hilde Sandvik (journalist)» frå , den 27. august 2021.

Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Folk frå Suldal