«Fantastic Voyage» er ein song skriven av David Bowie og Brian Eno i 1979 for albumet Lodger. Det har nesten nøyaktig den same akkordsekvensen som «Boys Keep Swinging» frå det same albumet. Han har òg komen ut som B-side til singlane «Boys Keep Swinging» og «Peace on Earth/Little Drummer Boy», og den amerikanske utgåva av «DJ».

Medverkande David Bowie: vokal, piano, korvokal Dennis Davis: perkusjon George Murray: bass Sean Mayes: piano Simon House: mandolin Adrian Belew: mandolin Tony Visconti: mandolin, korvokal Brian Eno: ambient drone

Andre utgjevingar Songen kom ut som ei biletplate som ein del av Fashions Picture Disc Set.

Konsertversjonar «Fantastic Voyage» vart framført for første gongen på konsert under A Reality Tour i 2003. I følgje biografen Nicholas Pegg «var det eit godt val både politisk og estetisk: det globale klimaet med Irakkrigen og etterverknaden, kjenslene uttrykte i 'Fantastic Voyage' har aldri verka meir høvande.»Nicholas Pegg, The complete David Bowie, Reynolds & Hearn, 2006, p.75. Eit konsertopptak frå november 2003 kom ut på DVD-en A Reality Tour i 2004, og på konsertalbumet A Reality Tour frå 2010. Det er ein av dei siste songane Bowie framførte på scenen, då han seint i 2006 framførte songen i lag med «Changes» og «Wild Is the Wind»).

Andre versjonar Songen vart spelt inn og omsett til hebraisk av den israelske songaren Noam Rotem på debutplata hans i 2004. Det amerikanske indierockbandet Shearwater framførte ein versjon av songen i mai 2016 for The A.V. Club sin A.V. Undercover-serie. Mike Garson, Trent Reznor og Atticus Ross spelte songen på ein nettbasert hyllestkonsert for Bowie, kalla «A Bowie Celebration: Just For One Day» i januar 2021

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fantastic Voyage (David Bowie song)» frå , den 24. august 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar skrivne av Brian Eno