I'm Only Dancing (The Soul Tour 74) er eit konsertalbum av den engelske musikaren David Bowie. Albumet fekk ei avgrensa utgjeving 29. august 2020 for Record Store Day som ei dobbel LP-plate og ein dobbel-CD. Han vart spelt inn under andre halvdelen av Diamond Dogs-turneen i 1974, som er mest kjend som «Soul-turneen» på grunn av innverknaden dei då nye songane Bowie hadde byrja å spele inn for Young Americans (1975). I'm Only Dancing markerer den første gongen innspelingar frå denne delen av turneen er offisielt gjeven ut.
Bskgrunn David Bowie marknadsførte det åttande studioalbumet sitt, Diamond Dogs, med Diamond Dogs-turneen. Den første delen varte frå 14. juni til 20. juli 1974. Kulissane for scenen vart dels designa og bygt av Chris Langhart og kosta 250 000 dollar. Flimar som påverka desginet var Fritz Lang sin Metropolis (1927) og Robert Wiene sin The Cabinet of Dr. Caligari (1920). Den andre delen av turneen varte frå 2. september til 1. desember 1974 og har blitt kalla «The Soul Tour», på grunn av påverknaden frå soulmusikken Bowie hadde byrja å spele inn for Young Americans i august. På grunn av dette vart konsertane kraftig endra. Dei omfattande kulissane vart fjerna, dels fordi Bowie var lei designet og fordi han ønskte å utforske den nye stilen han skapte. Besetninga vart òg endra og han tok med seg musikarar han hadde spelt med på Young Americans. Songar frå den første delen av turneen vart droppa, medan somme nye (somme frå Young Americans) vart lagt til. Opptak frå turneen var tidlegare gjevne ut på to konsertalbum, David Live og Cracked Actor (Live Los Angeles '74), som kom ut i høvesvis 1974 og 2017. Men I'm Only Dancing (The Soul Tour 74) markerer første gongen opptak frå «Soul»-delen av turneen er offisielt gjeve ut.
Innspeling Det meste av I'm Only Dancing (The Soul Tour 74) vart spelt inn 20. oktober 1974 i Michigan Palace i Detroit, medan tre spor, inkludert «Knock on Wood» og medlyane «Footstompin'» / «I Wish I Could Shimmy Like My Sister Kate» / «Footstompin'» og «Diamond Dogs» / «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)» / «Diamond Dogs» vart spelte inn 30. november 1974 i Municipal Auditorium i Nashville. I følgje Rolling Stone speglar plateomslaget det originale designet for programma for dei to innspelingsdatoane.
Innhald Alle songar skrivne av av David Bowie, utanom der andre er nemnde. Vinyl-utgåve
CD-utgåve
Spelt inn i The Michigan Palace i Detroit den 20. oktober 1974. Spor merka med * spelt inn i The Municipal Auditorium i Nashville den 30. november 1974.
Medverkande Per davidbowie.com. David Bowie – vokal, 12-strengs akustisk gitar, munnspel Earl Slick – gitar Carlos Alomar – gitar Mike Garson – piano, Mellotron David Sanborn – altsaksofon, fløyte Pablo Rosario – perkusjon Emir Ksasan – bass Dennis Davis – trommer Warren Peace – korvokal Anthony Hinton – korvokal Luther Vandross – korvokal Ava Cherry – korvokal Robin Clark – korvokal Diane Sumler – korvokal
Salslister Liste (2020) PlasseringUK Albums (OCC)18US Billboard 200 104US Top Alternative Albums (Billboard) 12US Top Rock Albums (Billboard) 16
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «I'm Only Dancing (The Soul Tour 74)» frå , den 31. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff I'm Only Dancing (The Soul Tour 74) på Discogs
Kategori:Konsertalbum av David Bowie Kategori:Parlophone-album Kategori:Konsertalbum frå 2020