thumb|Tysk taktekkar utfører blikkenslagararbeid rundt skorstein 1979.

Ein taktekkar er ein handverkar som har spesialisert seg i tak- og membrantekkarfaget. Sentrale kunnskapar omfattar diffusjonstetting, isolering og tekking av flatt tak, skråtak og bogetak. Taktekkarar arbeider også på terrassar, jorddekte konstruksjonar, våtromsmembranar og i tunnelar. For alle oppgåver er gode materialkunnskapar og riktig vurdering av underlaget viktig.

Opplæringa av faget skjer på vidaregåande skule i fire år. Første trinn omfattar bygg- og anleggsteknikk, andre trinn klima-, energi- og miljøteknikk, og siste to trinn faget sjølv med fagbrev til slutt.

Kjelder

Kategori:Handverksyrke Kategori:Byggteknikk