Anthony Pleeth () er ein engelsk cellist, som har spesialisert seg på historiske framføringar av musikk frå 1700- og 1800-talet på periodeinstrument.

Han spelte den første innspelinga si for BBC då han var 13 år gammal. Han var med å skipe The Galliard Trio (med Trevor Pinnock, cembalo og Stephen Preston, fløyte), som han spelte med frå 1965 til dei vart oppløyst i 1972.

Han var fremste cellist i The Academy of Ancient Music og seinare The English Concert, men slutta i 1985. Han var framleis medlem av English Concert Chamber Group fram til 1991.

Han vart professor i cello ved Guildhall School of Music & Drama i 1969 og ved Royal College of Music i 1986.

Pleeth har òg spelt mykje filmmusikk, som We Were Soldiers av Nick Glennie-Smith, Gladiator av Hans Zimmer og Lisa Gerrard og Tron: Legacy av Daft Punk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anthony Pleeth» frå , den 25. juli 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske cellistar Kategori:Musikarar frå London Kategori:Britiske musikklærarar Kategori:Tilsette ved Royal College of Music