Lü Huihui () er ein kinesisk spydkastar frå Xinxiang. Ho vann sølvmedaljen i VM 2015 og bronsemedaljen i så vel VM 2017 som VM 2019.
Aktiv Lü kom på femteplass i spydtevlinga ved dei olympiske leikane i London 2012, med eit finalekast på 63,70 m. Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing sette ho i femte finaleomgang asiarekord med 66,13 meter. Dermed gjekk ho opp i leiinga, men i sjette og siste omgang slengde tyske Katharina Molitor spydet 67,69 meter og tok gullmedaljen, Lü fekk sølvet.
Med personleg årsbeste på 64,04 m vart Lü nummer 7 i Sommar-OL i Rio de Janeiro. I kvalifiseringa til VM-finalen 2017 i London forbetra ho asiarekorden til 67,59 meter. I sjølve finalen nådde ho 65,26 m og fekk bronsen. 26. mai 2018 flytta ho asiarekorden til 67,69 m ved eit stemne i Halle an der Saale.
Våren 2019 vart Lü asiameister i Doha, vinnarkastet på 65,83 meter var meisterskapsrekord. Den 2. august forbetra ho asiarekorden til 67,98 meter i Shenyang. Under verdsmeisterskapen 2019 vann ho som sist bronsemedaljen, Kelsey-Lee Barber frå Australia og hennar eiga landskvinne Liu Shiying vart nummer 1 og 2.
Doping 27. april 2013 testa Lü positivt på hydroklortiazid og vart utestengt i 12 månader for brot på dopingreglane.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2012 i London: Nr 5 – 63,70 m VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 66,13 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 7 – 64,04 m VM 2017 i London: Bronsemedalje – 65,26 m VM 2019 i Doha: Bronsemedalje – 65,49 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lü Huihui» frå , den 26. juli 2021.
Denne artikkelen bygger på «Lü Huihui» frå , den 26. juli 2021.
World Athletics
Kategori:Kinesiske spydkastarar Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Dopingsaker i friidrett