Larry Klein () er ein USA-amerikansk musikar, låtskrivar, plateprodusent og sjef for Strange Cargo, ei avdeling under Universal Music Group.
Klein byrja musikkarrieren sin som bassist og spelte med jazzartistar som Willie Bobo og Freddie Hubbard. Han spelte sidan med andre jazzartistar som Carmen McRae, Joe Henderson, Bobby Hutcherson, Wayne Shorter, Herbie Hancock, Bobby McFerrin og Dianne Reeves. Som bassist har han òg arbeidd med artistar som Bob Dylan, Robbie Robertson, Peter Gabriel, Don Henley, Lindsey Buckingham og Randy Newman.
Klein har produsert album for musikarar som Joni Mitchell, Herbie Hancock, Shawn Colvin, Holly Cole, Madeleine Peyroux, Melody Gardot og Tracy Chapman. Klein har vunne Grammyprisar for arbeidet sitt på Mitchell-albuma Turbulent Indigo og Both Sides Now, i tillegg til Hancock sitt River: The Joni Letters.
Klein var gift med Joni Michell frå 1982 til 1994.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Larry Klein» frå , den 13. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Nettstaden til Klein
Kategori:USA-amerikanske jazzbassistar Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:USA-amerikanske jazzkontrabassistar Kategori:USA-amerikanske rockebassistar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:Joni Mitchell