Lionel Brockman Richie jr. () er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, komponist, multi-instrumentalist, plateprodusent, skodespelar og fjernsynsdommar. Han spelte i funk- og soulbandet Commodores og hadde ein solokarriere som gjorde han til ein av dei mest populære balladesongarane i 1980-åra.
Frå og med 1968 var Richie medlem av Commodores. The Commodores vart ei populær soulgruppe og gav ut fleire album med ein dansbar, funky stil, og songar som «Machine Gun» og «Brick House». Etter kvart byrja Richie å skrive og synge meir romantiske, easylistening-balladar som «Easy», «Three Times a Lady», «Still» og «Sail On». Richie lanserte solokarrieren sin i 1982 og debutalbumet hans som soloartist, Lionel Richie, inneheld tre hitsinglar: «Truly», som gjekk til topps i USA, og topp 5-hittane «You Are» og «My Love». Albumet nådde tredjeplassen på den amerikanske albumlista og selde over fire millionar eksemplar. Oppfølgjaren hans i 1983, Can't Slow Down, selde over det dobbelte og gjorde han til ei av dei store internasjonale superstjernene. Han var òg medlåtskrivar på den veldedige singelen «We Are the World» med Michael Jackson, som selde over 20 million eksemplar.
I løpet av karrieren har Richie seld over 90 millionar plater verda over, noko som gjer han til ein av dei bestseljande artistane gjennom tidene. Han vann Grammyprisen for årets album med Can't Slow Down, og har mellom anna òg vunne Grammyprisen for årets produsent i 1985 og årets mannlege popsong for «Truly» i 1983. Richie har òg blitt nominert til to Golden Globe-prisar og vann den eine. I 1982 var han nominert for beste originale song for filmen Endless Love. I 1986 vann han Golden Globe for beste original song for «Say You, Say Me», som var i filmen White Nights. Songen vann òg Oscarprisen for beste originale song. I 2016 fekk den høgaste æresprisen til Songwriters Hall of Fame, Johnny Mercer-prisen. Han har vore dommar i songkonkurransen American Idol.
Diskografi
Studioalbum Lionel Richie (1982) Can't Slow Down (1983) Dancing on the Ceiling (1986) Louder Than Words (1996) Time (1998) Renaissance (2000) Just for You (2004) Coming Home (2006) Just Go (2009) Tuskegee (2012)
Filmar 1977: Scott Joplin (med The Commodores) 1978: Thank God It's Friday (med The Commodores) 1991: Truth or Dare (dokumentar) 1996: The Preacher's Wife 1998: Pariah 2007: The Simpsons (episode: «He Loves to Fly and He D'ohs») 2011: Who Do You Think You Are? 2011: Lionel Richie: Dancing On the Ceiling (del av dokumentarserien Black Music Legends of the 1980s på BBC Four) 2014: Oprah Winfrey's Master Class 2018 American Idol 2019 American Idol 2020 Jeopardy! The Greatest of All Time
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lionel Richie» frå , den 13. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:Afroamerikanske pianistar Kategori:Afroamerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske pianistar Kategori:USA-amerikanske popsongarar Kategori:USA-amerikanske saksofonistar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske rhythm and blues-klaverspelarar Kategori:USA-amerikanske rhythm and blues-songarar Kategori:USA-amerikanske soul-klaverspelarar Kategori:USA-amerikanske soulsongarar Kategori:Ballademusikarar Kategori:Oscarvinnarar Kategori:Commodores-medlemmar Kategori:Golden Globe-vinnarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Kennedy Center-prisen Kategori:Motown-artistar Kategori:Musikarar frå Illinois Kategori:Folk frå Tuskegee i Alabama