Irina Nikolajevna Belova () er ein russisk tidlegare mangekjempar frå Angarsk. Ho vann bronsen i sjukampen ved verdsmeisterskapen 1991 og sølvmedaljen under Sommar-OL 1992.

Aktiv Belova enda på fjerdeplassen i sjukampen få europameisterskapen 1990 fann stad i Split. Med 6 521 poeng og personbeste, fekk ho 10 færre poeng enn bronsemedaljøren. Året etter vart ho sjølv bronsevinnar under Friidretts-VM i Tokyo. Belova presterte livsbeste i sjukamp då Sommar-OL 1992 vart avvikla. Ho sanka då 6 845 poeng og tok ein soleklar sølvmedalje, trass i at ho vart slått med 199 poeng av Jackie Joyner-Kersee frå USA.

Vårvinteren 1998, etter fire års utestenging frå friidrett, kom Belova på andreplass i femkamp ved innandørs-EM i Valencia. Ho plukka då 4 631 poeng. Eitt år etter auka ho til 4691 poeng og tok ein ny andreplass då innandørs-VM vart avvikla i Maebashi. I tida mellom dei to innandørs-tevlingane vart ho nummer 5 i sjukampen ved Friidretts-EM i Budapest.

Doping I 1993 testa Belova positivt i ei dopingprøve. Ho vart deretter nekta å delta i friidrett dei neste fire åra.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Nr 4 – 6 521 poeng VM 1991 i Tokyo: Bronsemedalje – 6 448 poeng OL 1992 i Barcelona: Sølvmedalje – 6 845 poeng EM 1998 i Budapest: Nr 5 – 6 375 poeng VM 1999 i Sevilla: Braut etter fem øvingar VM 2001 i Edmonton: Nr 8 – 6 061 poeng

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Irina Nikolajewna Belowa» frå , den 11. juli 2021.

World Athletics

Kategori:Russiske mangekjemparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for SUS Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Dopingsaker i friidrett