John McLaughlin () er ein engelsk gitarist, bandleiar og komponist. Han er ein pioner innan jazzfusion, og musikken hans nyttar element av jazz i lag med rock, verdsmusikk, indisk klassisk musikk, vestleg klassisk musikk, flamenco og blues. Etter å ha spelt med fleire viktige, britiske grupper tidleg i 1960-åra, gav McLaughlin ut Extrapolation, det første albumet hans som bandleiar, i 1969. Han flytta så til USA, der han spelte i gruppa til Tony Williams, Lifetime og så med Miles Davis på dei elektriske jazzfusion-albuma hans, In a Silent Way, Bitches Brew, Jack Johnson og On the Corner. I 1970-åra spelte Mahavishnu Orchestra ein teknisk virtuos og kompleks stil som blanda elektrisk jazz og rock med indisk musikk.
Soloen til McLaughlin på «Miles Beyond» frå albumet hans Live at Ronnie Scott's vann i 2018 Grammyprisen for beste improviserte jazzsolo. Han har fleire gonger vunne prisen som årets gitarist og beste jazzgitarist i magasin som DownBeat og Guitar Player basert på lesarstemmer. I 2003 vart han rangert på 49. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene. I 2009 hadde DownBeat McLaughlin med på ei urangert liste over dei 75 beste gitaristane gjennom tidene, i kategorien «moderne jazzmaestroar». I 2012 rangerte Guitar World han på 63. plassen på si topp 100-liste. I 2010 kalla Jeff Beck McLaughlin «den beste gitaristen i live»Uncut magazine, March 2010. Interview with Jeff Beck. og Pat Metheny har òg skildra han som den beste gitaristen i verda. I 2017 fekk McLaughlin ein æresdoktorgrad i musikk ved Berklee College of Music.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «John McLaughlin» frå , den 12. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Britiske rhythm and blues boom-musikarar Kategori:Kammerjazz-gitaristar Kategori:Engelske jazzbandleiarar Kategori:Engelske jazzkomponistar Kategori:Engelske jazzgitaristar Kategori:Engelske komponistar Kategori:Engelske gitaristar Kategori:The Graham Bond Organisation-medlemmar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Jazzfusion-gitaristar Kategori:Sologitaristar Kategori:Mahavishnu Orchestra-medlemmar Kategori:Miles Davis Kategori:Folk frå Doncaster Kategori:Remember Shakti-medlemmar Kategori:Shakti-medlemmar Kategori:The Tony Williams Lifetime-medlemmar Kategori:Trio of Doom-medlemmar Kategori:Musikarar frå Yorkshire