Bjørnar Valstad () er ein norsk lærar, idrettsleiar og tidlegare orienteringsløpar frå Stjørdal som vart verdmeister i orintering på klassisk-distanse i 1999 og langdistanse 2004. I begge desse meisterskapane var han med om å vinne stafettløpet. Valstad var medlem i Stjørdals-Blink til 1991, sidan representerte han 1992–95 NTHI, 1996 Nydalens Skiklubb og 1997-2004 Bækkelagets Sportsklubb. Han var generalsekretær i Norges Orienteringsforbund perioden 2008-14. Valstad er gift med Hanne Staff.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bjørnar Valstad» frå , den 7. juli 2021.

Kategori:Norske orienteringsløparar Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Norske trenarar Kategori:Norske ingeniørar Kategori:Verdsmeistrar i orientering Kategori:Noregsmeistrar i orientering Kategori:Kongepokalvinnarar i orientering Kategori:Folk frå Stjørdal