mini|Fådelt skule med eitt klasserom i Queensland i Australia i 1910-åra. Fådelt skule er ein grunnskule med få elevar der elevar frå ulike årstrinn blir underviste saman. Dette skil seg frå ein fulldelt skule, der kvart årstrinn har eigne klassar. Slike skular var vanlege då offentlege skule for alle blei innført frå midten av 1800-talet, og i Noreg var det den vanlegaste skuletypen fram til dei fyrste tiåra av 1900-talet. Seinare er dei blitt mest vanlege i grisgrendte strøk der det bur få ungar. Slike skular blir ofte rekna som viktige for lokalsamfunnet. Alternativet til små, fådelte skular er at elevane pendlar ein annan stad for å gå på skule og bur på internat.

Kjelder

Kategori:Skular