thumb|På den gamle kyrkjestaden der stavkyrkja stod, er det satt opp ein minnestein. thumb|Inngangen til den gamle kyrkjegarden der stavkyrkja stod. Lesja stavkyrkje eller Hov kyrkje (eldre skrivemåte: Hof) var ei stavkyrkje i Lesja kommune i det som frå 2020 er Innlandet fylke. Stavkyrkja vart avløyst av dagens Lesja kyrkje i 1749. Kyrkja stod på Hov (gnr. 102), som er Lesja prestegard, nokre hundre meter søraust for dagens kyrkje. På den gamle kyrkjestaden aust for Kyrkjevegen er det satt opp ein minnestein.
Dette skal etter tradisjonen ha vore ei stavkyrkje, men alder, storleik og nærare eigenart er ikke kjende. Det kan sjå ut til at kyrkja vart utvida til krosskyrkje i 1653 og fekk høgt spir bygd av Werner Olsen. I 1696 var svillane i våpenhuset rotne, og våpenhuset vart teke ned og oppført på nytt. Kyrkja fekk eit nytt tømra sakristi i 1702.
Dagens kyrkja vart oppført i 1749 og innvigd i 1750, og stavkyrkja vart riven. Det skal vore funne knoklar på den gamle kyrkjegarden.
Gjenstandar frå stavkyrkja
Ingen mellomaldergjenstandar ser ut til å vere bevarte, men enkelte etterreformatoriske inventargjenstandar frå stavkyrkja er kjende. Nokre få år før kyrkja vart riven, nærare bestemt i 1742–43, skar Jakob Klukstad ny preikestol til stavkyrkja. Denne er i bruk i dagens kyrkje, der òg ein preikestol frå 1600-talet heng på veggen i det søre tverrskipet. Eit altarskap frå 1600-talet må ein òg tru har vorte overført frå stavkyrkja. Det same gjeld ei «pengetafle» med offerskål, altså ei kollektbøsse, som vart gjeven til kyrkja i 1732. Mellom andre gamle og overførte gjenstandar som er omtala i jubileumsboka om Lesja kyrkje, er kalk og disk (1574–77, men bearbeidd seinare) og eit dåpsfat av messing frå 1600-talet. Det har vore spekulert i om døypefonten som er i bruk i dagens kyrkje, er overført frå stavkyrkja, men opphavet er ikkje kjent.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lesja stavkirke» frå , den 28. februar 2021.
Bakgrunnsstoff
Fotnotar Lia, s. 48. Lia, s. 50. Lia, s. 52. Lia, s. 54. Lia, s. 55. Lia, s. 95. Lia, s. 96.
Avbilda på nettstaden Kulturminnebilder.
Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Lesja Kategori:Kyrkjer i Lesja