thumb|Altartavla frå Lillehammer stavkyrkje er i dag i bruk i Garmo stavkyrkje på Maihaugen. thumb|Ei alterplate med relikviegøyme frå mellomalderen som ein periode vart brukt som dørhelle, er teken i bruk att som altarplate i Fiskarkapellet på Maihaugen. Lillehammer stavkyrkje var ei stavkyrkje som stod om lag der dagens Lillehammer kyrkje står, frå mellomalderen til 1733, då ho vart avløyst av ei lafta krosskyrkje.

Soknet er nemnt i 1359 og 1464 i samband med makeskifte, og i 1410 er det omtala som Aal. Kyrkjegarden («lithlæ Hamars kirkiu garde») er omtala i 1390. Kyrkja var anneks til Fåberg og er omtala som «Lille Hammers Annexa» i Povel Huitfeldts stiftsbok (1577). Kyrkjestaden var (og er) på gnr. 60 (Lillehammer), der to ferdslesvegar — kongevegen forbi Hamar og vegen frå fergestaden — møttest. Det var marknadsplass like ved.

Nokon utførleg skildring av stavkyrkja let seg vanskeleg oppdrive. Ifølgje rekneskapar frå 1623 vart kyrkja då bjelkehogd, noko som tyder på at delar av kyrkja då var i lafteverk. Halvtak og svaltak er omtala i 1691 og 1692, men skildringane er ikkje tilstrekkeleg detaljerte til å avgjere kor mykje som stod att av stavverk på den tida. Elles finst det ei rekkje andre omtalar av reparasjonar i løpet av 1600-talet: I 1619 vart det innreidd pulpitur, i 1620 var det reparasjonar på vindauge, karm og skruv, i 1623 fekk kyrkja nytt tårn (moglegvis takryttar) med klokke og vindfløy, i 1624 vart koret sett i stand, og det vart tekt med spon i 1627. Altartavla og preikestolen vart måla i 1624 osb. Ei sval i bindingsverk skal vere omtala i 1661, og i 1665 vart det konstatert behov for tjærebreiing og nye spon, og kyrkja vanta døypefont og dåpsfat. Det trer fram eit bilete av generelt forfall, men eit nytt tømra sakristi vart oppført ca. 1680. I 1690-åra vart det gjennomført ein hovudreparasjon, og kyrkja fekk ny altartavle i 1695.

I 1723 vart kyrkjene i prestegjeldet selde til fem bønder som handla på vegner av allmugen, og ikkje lenge etter fekk både hovudsoknet og Lillehammer nye kyrkjer i form av lafta krossskyrkjer. Kyrkja på Lillehammer vart oppført nær det nordaustre hjørnet på kyrkjegarden og innvigd 9. januar 1733, og stavkyrkja vart riven.

Gjenstandar frå stavkyrkja Enkelte gjenstandar frå stavkyrkja er tekne vare på. Den eldste er ei steinplate som vart brukt som dørhelle utanfor tømmerkyrkja som avløyste stavkyrkja. Plata har eit søkk som har fungert som relikviegøyme. Steinhella er no altarplate i Fiskarkapellet på Maihaugen.

Altartavla som kyrkja fekk i 1695, vart «giordt oc stafferet af Sigvard Guttormsøn» og gjeven av Georg Reichwein (1630–1710). Tavla har seinare fått toppstykkje og vengar med akantusutskjeringar, visstnok omkring 1732 ved overføringa til ny kyrkje og utført av Bjørn Bjørnsen Olstad. Tavla vart i si tid kjøpt opp av Anders Sandvig etter rivinga av tømmerkyrkja, visstnok som den første gjenstanden i samlinga hans. Tavla vart restaurert og fekk enkelte nye figurar før ho vart teken i bruk i Garmo stavkyrkje på Maihaugen.

Reichwein gav òg eit dåpsfat til kyrkja i 1682. Dette vart gjeve til Maihaugen i 1920. Ein kalk som vart gjort om på i 1680, og tilhøyrande disk skal framleis vere i dagens kyrkje. Eit antependium, «et rødt alterklæde af Skarlagen», som det heiter i ei oppteikning frå 1710, vart òg gjeve av Reichwein og er sidan brukt i Garmokyrkja. Til dette høyrer eit rundt broderi som ber namnetrekka til Reichwein og frue. Broderiet er utstilt på Maihaugen.

Kjelder Fotnotar Maihaugen om altartavla i Digitalt museum. Avbilda i Digitalt museum Diplomatarium Norvegicum V:233 Diplomatarium Norvegicum IX:346 Diplomatarium Norvegicum VII:351 Diplomatarium Norvegicum III:488

Lillehammer kommune: Lillehammers historie Skre, s. 71. Pedersen, s. 15–17. Pedersen, s. 19–21. Pedersen, s. 13 og 16. Pedersen, s. 22 og 25. Pedersen, s. 24. Pedersen, s. 28. Pedersen, s. 30. Pedersen, s. 32. Bibliografi

Brendalsmo, Jan: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Oppland fylke (Riksantikvaren, 2015/2016), s. 7

Denne artikkelen bygger på «Lillehammer stavkirke» frå , den 28. februar 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Lillehammer Kategori:Kyrkjer i Lillehammer