Verdscupen i langrenn for kvinner i 1984-sesongen omfatta 14 tevlingar, av dei 10 individuelle renn og 4 stafettar. Tevlingane tok til 9. desember 1983 og vart avslutta 25. mars 1984. Dei ti individuelle renna bestod av fire tevlingar over 5 kilometer, like mange over 10 km og to 20-kilometerar. Renna fann stad i Reit im Winkl i Vest-Tyskland, Autrans (2) i Frankrike, Sarajevo (4) i dåverande Jugoslavia, Falun (2) i Sverige, Lahti i Finland, Oslo i Noreg, Štrbské Pleso i dåverande Tsjekkoslovakia og Murmansk (2) i dåverande Sovjetunionen.

Finlands Marja-Liisa Hämäläinen sigra i fire tevlingar og skira seg FIS-pokalen for andre året i rad. Květa Jeriová frå Tsjekkoslovakia vann to tevlingar, medan russiske Raisa Smetanina og dei tre norske langrennarane Berit Aunli, Anette Bøe og Inger Helene Nybråten gjekk inn til siger i eitt renn kvar.

Individuelt Plass Utøvar Land Poeng 1 Marja-Liisa Hämäläinen 134 2 Raisa Smetanina 114 3 Anne Jahren 104 4 Květa Jeriová 102 5 Inger Helene Nybråten 102 6 Marie Risby 95 7 Berit Aunli 89 8 Brit Pettersen 87 9 Tamara Markanskaja 82 10 Anette Bøe 78 11 Blanka Paulů 70 12 Ljubov Zimjatova 65 13 Anna Pasiarova 64 14 Nadesjda Sjamakova 58 15 Evi Kratzer 55 Grete Ingeborg Nykkelmo 55 17 Pirkko Määttä 51 18 Ute Noack 47 19 Marit Myrmæl 37 20 Gabriela Svobodová 36 21 Karin Jäger 27 22 Ljubov Ljadova 23 23 Julija Sjamsjurina 22 24 Ann Rosendahl 20 25 Shirley Firth 19

Kjelder Sportsboken 84-85. Sportsboken As. Stavanger 1984.

Kategori:Nordiske greiner 1984 Kategori:Sport i 1984