mini|Furtwangen sett frå nord

Furtwangen im Schwarzwald er ein by med ikring 9 000 ibuarar sørvest i delstaten Baden-Württemberg i Tyskland. Byen ligg 879 meter over havet i Schwarzwald. Furtwangen er kjend for sin historiske klokke-industri og det tyske klokkemuseet (Deutsches Uhrenmuseum) ligg i byen.

Større industriverksemder som lagar maskinverktøy og andre spesialprodukt, samt tilbyr kommunikasjonsteknologi, pregar dagens næringsliv i kommunen. Den tekniske høgskulen Hochschule Furtwangen held hus i byen.

Eitt av dei aller fyrste renna i Verdscupen i langrenn for kvinner vart avvikla i Furtwangen vinteren 1979.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Furtwangen im Schwarzwald» frå , den 29. januar 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Baden-Württemberg