Out of the Long Dark er det tiande albumet til den britiske jazzfusiongruppa Nucleus, gjeve ut i 1979 på Capitol Records under namnet Ian Carr's Nucleus.

Albumet var det siste albumet deira for eit større plateselskap og vart spelt inn av ei besetning som hadde spelt i lag nokre år då det kom ut. Ian Carr, som var trompetist, var kraftig inspirert av Miles Davis og baserte melodien på «Selina» etter Davis sin «All Blues» frå Kind of Blue.

Innhald

Medverkande

Ian Carr - trompet, flygelhorn, elektrisk piano Bill Kristian - bassgitar Brian Smith - tenorsaksofon, sopransaksofon, fløyte, altfløyte, perkusjon Roger Sellers - trommer, perkusjon Geoff Castle - Rhodes-piano, synthesizer

Gjesteartistar Neil Ardley - ARP- & Odyssey-synthesizer Richard Burgess - perkusjon Chris Fletcher - perkusjon (spor 3)

Teknisk Ian Carr, John Dixon og Nucleus - produsent Mike Jarrett - lydteknikar Ken Perry - mastering

Kjelder

Kategori:Konsertalbum frå 1979 Kategori:Capitol Records-album Kategori:Nucleus-album