Qiam-1 ('Oppreist-1') er eit iransk ballistisk kortdistansemissil som nyttar flytande drivstoff. Missilet er 11,5 meter langt og kan bera ei nyttelast på 750 kilogram opptil 700-800 kilometer.
Missilet vart nytta då Iran i 2020 gjekk til åtak på Al Asad flystasjon i Irak og dei amerikanske styrkane der som hemn etter drapet på Qasem Soleimani.
Kjelder «Iran missile attack: Did Tehran intentionally avoid US casualties?» - BBC
Kategori:Ballistiske missil