The Marshall Tucker Band er det sjølvoppkalla debutalbumet til det amerikanske rockebandet The Marshall Tucker Band. Det kom ut i april 1973 og vart spelt inn i 1973 i Macon i Georgia i Capricorn Studios.
Musikkstil Musikkstilen på albumet er ei blanding av psykedelisk musikk, jamband, jazz, R&B, gospel og folk. Gitaristen og låtskrivaren Toy Caldwell var mykje inspirert av bluegrass og country på songane for debutplata.
Albumet er blitt kategorisert innan countryrock, progressiv rock og Southern rock.
Den første singelen frå albumet, «Can't You See», er musikalsk ei blanding av countryrock og Southern rock. Teksten på «Can't You See» er omtalt som mørk og omhandlar hjartesorg og «ein mann som rømmer så langt bort han kan for å kunne byrje å lækje seg sjølv».
Mottaking
AllMusic gav albumet fire av fem stjerner. Rolling Stone kalla albumet eit av «50 rockealbum ein kvar countryfan bør ha». Magasinet Paste skildra albumet som ein «Southern rock-klassikar».
Innhald Alle songane er skrivne av Toy Caldwell.
Medverkande The Marshall Tucker Band Doug Gray - solovokal, perkusjon Toy Caldwell - sologitar, steelgitar, solovokal på «Can't You See,» «Hillbilly Band» og «Ab's Song» Tommy Caldwell - bassgitar, korvokal, trommer på «See You Later, I’m Gone» George McCorkle - rytmegitar, akustisk gitar, perkusjon Paul Riddle - trommer Jerry Eubanks - tverrfløyte, altsaksofon, korvokal
Andre musikarar Paul Hornsby - piano, Fender Rhodes elektrisk piano, Hammondorgel, Moog synthesizer The Marshall Tucker Band- self-titled debut album @Discogs.com Henta 1-4-2014.
Produksjon Produsent: Paul Hornsby Lydteknikarar: Paul Hornsby, Buddy Thornton Albumdesign og illustrasjon: James Flournoy Holmes Fotografi: C. Hearon, J. Duckworth i Camera House
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Marshall Tucker Band (album)» frå , den 29. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Marshall Tucker Band-album Kategori:Capricorn Records-album Kategori:Debutalbum frå 1973 Kategori:Album produserte av Paul Hornsby Kategori:Plateomslag av James Flournoy Holmes Kategori:USA-amerikanske progressive rockealbum