Thomas Michael «Tommy» Caldwell () var ein USA-amerikansk bassist og original frontmann for The Marshall Tucker Band mellom 1973 og 1980.
Caldwell skreiv fleire av songane deira og spelte bass, perkusjon og gitar, i tillegg til å syngje korvokal. Han song solo på «Melody Ann». Den siste konserten hans med bandet var 18. april 1980, ti dagar før han omkom etter skadane han pådrog seg i ei bilulukke.The Death of Marshall Tucker Band's Tommy Caldwell Han var den yngre broren til bandkollegaen Toy Caldwell. Ein annan bror, Tim Caldwell, døydde òg i ei bilulukke berre ein månad før Tommy, den 28. mars 1980, 25 år gammal.Abbie Caldwell Interview , tuckerhead.com, 1998 (retrieved 23. januar 2015).The Gamecock , 30. april 1980, Page 11, Image 19 (retrieved 23. januar 2015).Tim Caldwell gravestone photo, slobotabouttown.com (retrieved 23. januar 2015).
The Charlie Daniels Band-albumet Full Moon frå 1980 er dedisert til Caldwell.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tommy Caldwell» frå , den 29. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske rockebassistar Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:USA-amerikanske Southern rock-musikarar Kategori:Døde i trafikkulukker Kategori:The Marshall Tucker Band-medlemmar