«Rose of Cimarron» er ein song av countryrockbandet Poco og tittelsporet på albumet deira Rose of Cimarron frå 1976. Songen er skriven av medlemmet Rusty Young og er sungen av Paul Cotton og Timothy B. Schmit.

Songen kom ut på singel i oktober 1976 og nådde 94. plassen på Billboard Hot 100. Det vart òg den einaste singelen til Poco som gjekk inn på singellista i Australia, der han nådde 51. plassen.

Salslister Liste (1976)PlasseringAustralia (Kent Music Report)51USA (Billboard 100)94

Andre versjonar Den tyske duoen Hoffmann & Hoffmann debuterte på plate med ein tyskspråkleg versjon av songen, som hadde same tittelen som den engelske versjonen.

Songen vart spelt av Emmylou Harris i 1981 på albumet hennar Cimarron, og gav tittelen på albumet. Sandy Posey spelte òg inn «Rose of Cimarron» i 1982 på albumet hennar Tennessee Rose.

Sommaren 2017 spelte Rusty Young sjølv inn «Rose of Cimarron» som ein duett med vokalisten Chelsea Williams.http://islandzoneupdate.blogspot.ca/2017/09/chelsea-williams-integrity-intact.html

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rose of Cimmaron (song)» frå , den 17. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Poco-songar Kategori:Songar skrivne av Rusty Young Kategori:Emmylou Harris-songar