«Born to Run» er ein song skriven av Paul Kennerley, spelt inn av den USA-amerikanske countryartisten Emmylou Harris. Songen kom ut i mai 1982 som den tredje singelen frå albumet Cimarron frå 1982.
Songen har henta melodien frå «The Death of Me», ein song frå The Legend of Jesse James, eit konseptalbum skriven av Kennerly. Denne versjonen vart framført av Johnny Cash og Levon Helm.
Songen nådde tredjeplassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista. Songen vart spelt av countryartisten Lee Ann Womack i 2016 på The Life & Songs Of Emmylou Harris: An All-Star Concert Celebration (Live). Han vart sidan spelt av den irske skodespelarinna Jessie Buckley i 2019 for dramafilmen Wild Rose.
Salslister Liste (1982)PlasseringCanadian RPM Country Tracks10
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Born to Run (Emmylou Harris song)» frå , den 17. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Emmylou Harris-songar Kategori:Lee Ann Womack-songar Kategori:Songar skrivne av Paul Kennerley Kategori:Songar produserte av Brian Ahern Kategori:Warner Bros. Records-singlar