Rodney Crowell () er ein USA-amerikansk musikar, hovudsakleg kjend som countrysongar og låtskrivar. Crowell har hatt fem singlar på toppen av Hot Country Songs-lista i USA, alle frå albumet Diamonds & Dirt frå 1988. Han har òg skrive songar og produsert musikk for andre artistar.
Han var inspirert av låtskrivarane Guy Clark og Townes Van Zandt. Crowell spelte gitar og song i tre år i bandet til Emmylou Harris, «Hot Band».
Han har vunne to Grammyprisar, ein i 1990 for beste countrysong med «After All This Time» og ein i 2014 for beste americanaalbum medOld Yellow Moon.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rodney Crowell» frå , den 12. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad
Kategori:Musikarar frå Houston Kategori:USA-amerikanske countrysongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:The Notorious Cherry Bombs-medlemmar Kategori:Folk frå Crosby i Texas Kategori:Countrymusikarar frå Texas