Henry M. «Hank» DeVito er ein USA-amerikansk musikar og fotograf, hovudsakleg kjend som pedalsteelgitarist og som låtskrivar.
I 1970 vart DeVito med i New York Rock & Roll Ensemble. DeVito var òg medlem av Emmylou Harris sitt Hot Band i midten av 1970-åra.
DeVito var sidan originalt medlem i ei sidegrein av Hot Band kalla The Cherry Bombs, eit band skipa for å akkompagnere Rodney Crowell og Rosanne Cash på ein turné tidleg i 1980-åra.
Som studiomusikar har DeVito arbeidd med Hoyt Axton, Arlo Guthrie, Tim Krekel, Nicolette Larson, Ralph McTell, Buck Owens, Ricky Skaggs, George Strait og andre.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hank DeVito» frå , den 12. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske countrygitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Pedalsteelgitaristar