Ingvild Broch () er ein norsk akademikar som mellom anna har vore fyrsteamanuensis i russisk og forskningsdirektør ved UiT.
Karriere Broch flytte til Tromsø i 1972 då ho vart tilbode ei stilling ved universitetet. Der har ho undervist i russisk i ei årrekkje. Ho har også forska på russenorsk, og gjeve ut bøker om pigdinspråket saman med Ernst Håkon Jahr. I 1994 vart ho tilsett som den fyrste forskningsdirektøren ved UiT, og sat i denne stillinga fram til 2004.
Pomor-universitetet i Arkhangelsk utnemnde Broch til æresdoktor i 1996, og Det Nordlege Føderale Universitet i Arkhangelsk gav ho same utmerking i 2011.Nordlys. (1996, 7. november). Ingvild Broch æresdoktor. Side 5. Henta frå Nasjonalbiblioteket I 1999 vart ho tildelt Pusjkin-medaljen av Den internasjonale organisasjonen for russisklærarar.Seljeseth, Geir. (1999, 22. september). Gullkantet russisk-kunnskap. Nordlys, s. 30. Henta frå Nasjonalbiblioteket.
Broch er gift med matematikaren Ben Johnsen. Saman har dei skrive boka Sopp og sopp om soppens kulturhistorie, som kom ut i 1986.Lindvåg, Kjellaug. (1986, 13. september). Soppens kulturhistorie blir bok. Nordlys, s. 7. Henta frå Nasjonalbiblioteket.
Grandonkelen hennar var språkforskaren Olaf Broch.
Kjelder
Kategori:Norske litteraturvitarar Kategori:Norske språkforskarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Russisk språkforsking Kategori:Russisklærarar