World Gone Crazy er det trettande studioalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, gjeve ut 28. september 2010. Det debuterte på 39. plassen på Billboard Top 200-lista, som var den høgaste plasseringa deira sidan 1989. Den første singelen frå albumet var ei nyinnspeling av debutsingelen deira frå 1971, «Nobody». Tom Johnston sa om albumet: «Dette albumet har vore påtenkt i fem år, men me byrja ikkje seriøst å setje det saman før tre år sidan.»

Songane vart stort sett skrivne av gitaristane Pat Simmons og Tom Johnston. Sistnemnde skreiv tittelsporet og sa til Songfacts: «Delar av inspirasjonen til 'World Gone Crazy' er at verda har blitt noko sprø. Og mellom krigane me har hatt, mellom valden i gatene og i byane, er det folk gjer me kvarandre verda rundt ikkje noko som hadde skjedd for 20 år sidan.»

Det var det første Doobie Brothers-albumet som vart produsert av Ted Templeman sidan Farewell Tour 27 år tidlegare. Templeman hadde produsert eller samprodusert alle Doobie Brothers-albuma opp til det. Det var òg det siste albumet deira med trommeslagaren Michael Hossack som døydde av kreft i 2012. Hossack vart erstatta av den tidlegare Brian Setzer-trommisen Tony Pia. Munnspelspelaren Norton Buffalo er med posthumt på «Don't Say Goodbye», der Michael McDonald er med på vokal.

Innhald

Medverkande

The Doobie Brothers Tom Johnston - solo- og korvokal, akustisk gitar, elektrisk gitar Pat Simmons - solo- og korvokal, akustisk gitar, elektrisk gitar John McFee - korvokal, akustisk gitar, elektrisk gitar, banjo, mandolin, fiolin; trommer, perkusjon (10) Michael Hossack - trommer, perkusjon

Andre medverkande Michael McDonald - vokal (7) Willie Nelson - vokal (10) Ross Hogarth - gitar (4); trommer, perkusjon (10) Tim Pierce - gitar (4) Bob Glaub - bass (alle utanom 10) James Hutchinson - bass (10) Gregg Bissonette - trommer (4,6) Joey Waronker - trommer (8) Karl Perazzo - perkusjon (1,6,9,13) Ted Templeman - tamburin (2) Guy Allison - piano, Wurlitzer elektrisk piano, Hammondorgel, andre klaverinstrument Bill Payne - piano (2,4,6,8,11), Hammondorgel (1,2,4,11,13) Kim Bullard - synthesizer (5), klaverinstrument (7,9), piano (9) Norton Buffalo - munnspel (7) Marc Russo - saksofon (4,13) Mic Gillette - trompet, trombone (4,13) Cameron Stone - cello (5) Siedah Garrett - korvokal (1) Dorian Holley - korvokal (1,8,13) Nayanna Holley - korvokal (1,13) Darryl Phinnessee - korvokal (1,8) Amy Holland-McDonald - korvokal (7) Gail Swanson - korvokal (7) Tim James - korvokal (9)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gone Crazy (The Doobie Brothers album)» frå , den 7. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Doobie Brothers-album Kategori:Musikkalbum frå 2010 Kategori:Album produserte av Ted Templeman