Farewell Tour er det første konsertalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, gjeve ut i 1983. Det dokumenterer avskjedsturneen deira i 1982 og kom ut som eit dobbeltalbum.
Tidleg i 1980-åra hadde The Doobie Brothers utvikla seg frå gitarsilen under den opphavlege frontmannen Tom Johnston til ein meir soul-aktig og klaverbasert AOR-stil under Michael McDonald. Trass i mange utskiftingar i besetninga, var Patrick Simmons att frå den originale utgåva av gruppa.
I 1982 valde Simmons å trekkje seg frå gruppa etter mange år med konstant turnering og innspeling. Bandet valde då å leggje inn årene, men Simmons oppfordra dei til ein siste turné sommaren 1982 for å takke den lojale fansen deira. Denne turneen vart kjend som «Farewell Tour».
Framsida av omslaget syner trommeslagaren Keith Knudsen som skjer over strengene på gitaren til John McFee, som ei symbolsk handling.According to a post at the forum (now retired) at the Doobie Brothers Official Website, by the Webmaster/Forum Administrator, who is John McFee's son. Dei siste to songane på albumet vart spelt einn på den siste konserten på turneen i Berkeley i California, den 11. september 1982 med vokal av den originale solovokalisten og gitaristen Tom Johnston. I lang tid var albumet berre tilgjengeleg på CD i Japan, men kom til slutt ut på CD på Rhino/WEA den 26. august 2008.
Innhald
Medverkande Patrick Simmons - elektrisk og akustisk gitar, solo- og korvokal John McFee - elektrisk og akustisk gitar, pedalsteelgitar på «Steamer Lane Breakdown» og «South City Midnight Lady», elektrisk fiolin på «Black Water», korvokal Michael McDonald - klaverinstrument, synthesizer, solo- og korvokal Cornelius Bumpus - tenorsaksofon, sopransaksofon på «Black Water», Hammondorgel, synthesizer, korvokal, solovokal på «Jesus Is Just Alright» Willie Weeks - bass, korvokal Keith Knudsen - trommer, tamburin på «Black Water», korvokal, solovokal på «Don't Start Me Talkin'» Chet McCracken - trommer, vibrafon på «You Belong to Me» og «South City Midnight Lady», tamburin og timbales på «Long Train Runnin'» Bobby LaKind - conga, perkusjon, korvokal Tom Johnston - gitar og solovokal på «China Grove» og «Long Train Runnin'» (og «Slippery St. Paul») Joe Crowley - munnspel på «Don't Start Me Talkin'»
Dave Shogren & John Hartman speler på «Slippery St. Paul.»
Produksjon Produsent: Ted Templeman Lydteknikar: Jim Isaacson Management: Bruce Cohn Mastering av Bobby Hata i Warner Bros. Recording Studios i Nord-Hollywood Produksjonskoordinator: Joan Parker Publisitet: David Gest & Associates Turnémanager: Joe Crowley, Jeff Mills (assistent) Produksjonsmanager: Lol Halsey, Rollie Clasen (assistent) Lydmiksing: David Morgan Monitormiksing: Mike Kelley
Salslister + AlbumÅrListePlassering1983Pop Albums79 + SinglesÅrSingelListePlassering1983«You Belong To Me»Pop Singles79
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Farewell Tour (album)» frå , den 7. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Album produserte av Ted Templeman Kategori:The Doobie Brothers-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Rhino Records-album Kategori:Konsertalbum frå 1983