«Listen to the Music» er ein song spelt inn av The Doobie Brothers på det andre albumet deira, Toulouse Street i 1972. Songen var skriven av Tom Johnston og vart den første hitten til The Doobie Brothers.
Song Tom Johnston skildra motivasjonen bak songen som eit rop om verdsfred: «Akkordstrukturen i songen fekk meg til å tenkje på noko positivt, så teksten kom ut var basert på denne utopiske ideen om at viss berre leiarane i verda kom saman på ein graskledd ås ein stad og anten røyka nok dop eller berre sat seg ned og lytta til musikk og gløymde alt dette andre tullet, så ville verda blitt ein betre stad. Det var særs utopisk og særs urealistisk. Det verka som ein god idé den gongen.»
På studioinnspelinga vart det nytta både banjo og ein markant flanging-effekt, som ein kan høyre frå mellomspelet til songen tonar ut.Patrick Simmons, den andre gitaristen og vokalisten i gruppa, syng mellomspelet på songen.
Då songen kom ut på singel på Warner Bros. Records, nådde songen 11. plassen på Billboard Hot 100 i november 1972. Den kommersielle suksessen til «Listen to the Music» drog albumet Toulouse Street med seg oppover lista. Songen er blitt mykje spelt på radioformata adult contemporary og classic rock i USA. Bandet brukte òg å spele songen mykje som ekstranummer på konsertane sine.
I juni 2020 gav fire av bandmedlemmane ut ein akustisk versjon av songen på YouTubehttps://www.youtube.com/watch?v=etGV7D3hYoY, der kvar av dei spelte heimefrå under koronavirus-pandemien.
Medverkande The Doobie Brothers: Tom Johnston – gitar, solovokal, korvokal Patrick Simmons – gitar, banjo, solovokal (mellomspel), korvokal Tiran Porter – bass, korvokal John (Little John) Hartman – trommer, perkusjon Michael Hossack – trommer
Andre medverkande: Bill Payne – piano Ted Templeman – perkusjon
Salslister
Vekeslister Liste (1972)PlasseringAustralia KMR 50Belgia 27Canada RPM Top Singles3Nederland 7UK 29US Billboard Hot 100Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - 11US Cash Box Top 1009
Årslister Liste (1972)PlasseringUS Opus78US (Joel Whitburn's Pop Annual)102
Remiks Songen vart remiksa av Steve Rodway a.k.a. Motiv8 i 1994, og nådde då 37. plassen på den britiske singellista.
Andre versjonar «Listen to the Music» vart spelt av Sonny & Cher i 1973 på albumet deira Mama Was a Rock and Roll Singer, Papa Used to Write All Her Songs, og av The Isley Brothers i 1973 på albumet 3 + 3.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Listen to the Music» frå , den 2. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:The Doobie Brothers-songar Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:The Isley Brothers-songar Kategori:Songar skrivne av Tom Johnston Kategori:Songar produserte av Ted Templeman Kategori:Songar om musikk Kategori:Warner Bros. Records-singlar