Tiran Calvin Porter () er ein USA-amerikansk bassist og gitarist, vokalist og komponist, mest kjend som medlem av The Doobie Brothers frå 1972 til 1980 og frå 1987 til 1992.

Han erstatta bassisten Dave Shogren på det andre albumet til The Doobie Brothers, Toulouse Street i 1972.Aronie, Dan - GuitarShowCase; henta 2. november 2020. Han song stort sett berre korvokal, men skreiv og song «For Someone Special» som ein hyllest til den sjuke bandleiaren Tom Johnston på albumet Takin' It To The Streets (1976) og skapte den kreativt synkoperte «Need a Lady» på albumet Livin' On The Fault Line (1977). På scenen song Porter vanlegvis solovokal på ein eller to songar.

Porter slutta i The Doobies i 1980 på grunn av den hektiske og konstante turneringa deira. Han vart erstatta av studiomusikaren Willie Weeks. Han var med å starte opp att The Doobie Brothers på ny i 1987 og spelte på Cycles (1989), som har tittel frå ein unytta song han skreivPlatenotat for Playing To An Empty House og Brotherhood (1991). I 1992 slutta Porter i bandet for godt.

Porter gav ut eit sjølvprodusert soloalbum, Playing to an Empty House, i 1995. Porter har sidan spelt med Moby Grape i periodar.

Album

Solo Playing To An Empty House (1995)

Med The Doobie Brothers Toulouse Street (1972) (USA nr. 21) The Captain and Me (1973) (USA nr. 7) What Were Once Vices Are Now Habits (1974) (USA nr. 4) Stampede (1975) (USA nr. 4) Takin' It to the Streets (1976) (USA nr. 8) Livin' on the Fault Line (1977) (USA nr. 10) Minute by Minute (1978) (USA nr. 1) One Step Closer (1980) (USA nr. 3) Cycles (1989) (USA nr. 17) Brotherhood (1991) (USA nr. 82) Live at the Greek Theater 1982 [Live] (2011) (gjestemusikar på ein song)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tiran Porter» frå , den 2. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske rockebassistar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:The Doobie Brothers-medlemmar Kategori:Afroamerikanske rockemusikarar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:USA-amerikanske funkbassistar Kategori:Afroamerikanske songarar