Workin' Band er det syttande studioalbumet til Nitty Gritty Dirt Band, utgjeve i 1988. Albumet nådde 33. plassen på den amerikanske countryalbum-lista. «Workin' Man (Nowhere to Go)» vart gjeven ut på singel og nådde topp 10 på Billboard countrysingel-lista.
Bernie Leadon, som tidlegare var medlem i Eagles, speler på plata og kom til å spele på eit par av dei neste albuma deira òg.
Allmusic skreiv om albumet: «Mykje av magien til Nitty Gritty Dirt Band kom attende på Workin' Band. Dei byta selskap og signerte for Warner Brothers, og gruppa la ned mykje arbeid i plata, og det synest. Kanskje det var hjelpa frå det tidlegare Eagles-medlemmet Bernie Leadon som var med å forme ideane deira, men no hadde dei omfamna country med opne armar og resultatet vart bra frå eit erfarent band.»
Innhald
Medverkande Jeff Hanna - vokal, akustisk and elektrisk gitar Jimmie Fadden - vokal, trommer, munnspel, munnharpe, perkusjon Jimmy Ibbotson - vokal, bass, gitar, mandolin, mandola, perkusjon Bob Carpenter - vokal, piano, synthesizer, trekkspel, klaverbass
Andre musikarar Bernie Leadon - vokal, akustisk og elektrisk gitar, 5-strengs banjo, mandolin, mandocello, slidegitar Josh Leo - elektrisk og akustisk gitar Larry Paxton - elektrisk bass Mark O'Connor - fele
Teknisk Produsent - Josh Leo
Salslister Liste (1988) Plassering US Top Country Albums (Billboard) 33
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Workin' Band» frå , den 26. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nitty Gritty Dirt Band-album Kategori:Musikkalbum frå 1988 Kategori:Warner Bros. Records-album