Will the Circle Be Unbroken: Volume Two (eller Circle II) er eit studioalbum frå 1989 av Nitty Gritty Dirt Band. Albumet følgjer same konseptet som albumet deira Will the Circle Be Unbroken frå 1972, der fleire kjende countryartistar er gjesteartistar.

Komposisjon Circle II består stort sett av akustisk, bluegrass med ei besetning som mellom anna omfatta Johnny Cash, Rosanne Cash, Emmylou Harris, Michael Martin Murphey og Ricky Skaggs. Fleire musikarar som deltok på den første innspelinga i 1972 var òg med denne gongen med bluegrassmusikaren Jimmy Martin, banjoist Earl Scruggs, felespelaren Vassar Clements og songaren Roy Acuff, som no var blitt 86 år gammal.

«Mother» Maybelle Carter, som spelte på den første Circle-plata, døydde i 1978, men Randy Scruggs spelte på «Life's Railway to Heaven» med Gibson L5-gitaren hennar.

Andre artistar representerte rock, folk og pop, som Levon Helm frå The Band, John Denver, John Prine, John Hiatt og Bruce Hornsby.

Blant songane dei spelte var mellom andre Bob Dylan-songen «You Ain't Goin' Nowhere», sungen som ein duett av dei tidlegare The Byrds-medlemmane Roger McGuinn og Chris Hillman, som song i lag for første gongen på fleire år.

Andre studiomusikarar på albumet var mellom andre felespelaren Mark O'Connor, resonatorgitaristen Jerry Douglas, banjoisten Béla Fleck, gitaristen Chet Atkins og bassisten Roy Huskey jr., son av bassisten Junior Huskey, som spelte på det første Circle-albumet.The Nitty Gritty Dirt Band: Will the Circle Be Unbroken: Volume II booklet and liner notes.

Som på det første Circle-albumet inneheld plata klipp av studioprat.

I ein intro til songen «Riding Alone» snakka Emmylou Harris om tankane sine om den avslappa atmosfæren på innspelinga: «For mange år sidan opplevde eg å sitje i ei stove med masse folk og song og spelte, og det var som ei andelege oppleving, det var flott. Og eg bestemde meg for at det eg skulle gjere i livet var å spele musikk. Når ein lagar plater så trur eg me i løpet av åra alle har blitt litt for tekniske, litt for oppteken av at alt skal vere perfekt. Me har mista den stova. Stova har forsvunne ut av musikken, men i dag kjennest det som om me fekk ho tilbake.»

Mottaking

Will the Circle Be Unbroken: Volume Two selde til gullplate i USA og Canada. Albumet nådde femteplassen på Billboard Top Country Album-lista, og 95. plassen på Billboard 200. Singlane frå albumet var John Denver sin «And So It Goes», «Turn of the Century», «When It's Gone» og «One Step Over the Line».

Albumet vann Grammyprisar i 1990 for beste bluegrass-song (for «The Valley Road» med Bruce Hornsby) og beste countrysong av ein duo eller gruppe med vokal. Det vart òg kåra til årets album av Country Music Association Awards. Ein dokumentarfilm, The Making of Will the Circle Be Unbroken II, kom ut på Cabin Fever Entertainment.

Circle II vart følgd opp i 2002 av Will the Circle Be Unbroken, Volume III, som kom ut i høve 30-årsjubileet til Will the Circle Be Unbroken.

Innhald

Medverkande Nitty Gritty Dirt Band Bob Carpenter – piano, trekkspel, harmonivokal Jimmie Fadden – trommer, munnspel Jeff Hanna – gitar, vaskebrett, harmonivokal Jimmy Ibbotson – mandolin, harmonivokal

Studiomsikarar Jerry Douglas – Resonatorgitar Roy Huskey jr. – Kontrabass Mark O'Connor – Fele, mandolin Randy Scruggs – produsent, gitar, sologitar på «Amazing Graze» Vassar Clements – Fele på «Sittin' on Top of the World» Béla Fleck – Banjo på «Don't You Hear Jerusalem Moan», «Little Mountain Church House» og «Sittin' on Top of the World» Bernie Leadon – Banjo på «The Valley Road» og «Blues Berry Hill» John McEuen – Banjo på «Lost River» Earl Scruggs – Banjo på «Life's Railway to Heaven» Buck White – Piano på «Little Mountain Church House» Kor på «Will the Circle Be Unbroken»: Roy Acuff, Cynthia Biederman, Sam Bush, Paulette Carlson, Bob Carpenter, Gretchen Carpenter, June Carter Cash, Johnny Cash, Cindy Cash, Rosanne Cash, John Cowan, Steve Dahl, John Denver, Jimmie Fadden, Béla Fleck, Pat Flynn, Radney Foster, Vince Gill, Jeff Hanna, Melody Hanna, John Hiatt, Chris Hillman, Bruce Hornsby, Jimmy Ibbotson, Helen Carter Jones, David Jones, Bashful Brother Oswald, Bill Lloyd, Jimmy Martin, Michael Martin Murphey, Roger McGuinn, Tracy Nelson, Robert Oermann, Brad Parker, Don Schlitz, Earl Scruggs, Gary Scruggs, Randy Scruggs, Steve Scruggs, Lynn Shults, Marty Stuart, Wendy Waldman, Steve Wariner, Cheryl White, Sharon White, Bobbie White

Salslister Liste (1989) Plassering U.S. Billboard Top Country Albums 5 U.S. Billboard 200 95 Canadian RPM Country Albums 3 Canadian RPM Top Albums 57

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Will the Circle Be Unbroken: Volume Two» frå , den 26. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1989 Kategori:Nitty Gritty Dirt Band-album Kategori:Bluegrassalbum Kategori:Samarbeidsalbum Kategori:Universal Records (1988)-album