Devil World er eit labyrintspel utvikla og utgjeve av Nintendo. Det vart utgjeve til Famicom i Japan den 5. oktober 1984 og til Nintendo Entertainment System i Europa den 15. juli 1987, og utgjeve på nytt til Wii Virtual Console i Japan den 22. januar 2008 og i PAL-regionar den 31. oktober 2008. På grunn av dei strenge retningslinjene til Nintendo of America om å ikkje vise religiøse ikon i dataspel, vart spelet ikkje utgjeve i Nord-Amerika.
Devil World er det første spelet Shigeru Miyamoto utvikla for konsoll, etter å ha arbeidd med arkadespel tidlegare, og det einaste spelet hans som ikkje er lokalisert til Nord-Amerika. Spelet har fleire likskapstrekk med Pac-Man, og vart i 2010 rangert av IGN som nummer fire av topp 10 Pac-Man-klonar.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Devil World» frå , den 16. oktober 2020.
Kategori:Dataspel frå 1984 Kategori:Nintendo Entertainment System-spel