Yooka-Laylee and the Impossible Lair er eit plattformspel utvikla av Playtonic Games og utgjeve av Team17. Det er ein spin-off av Yooka-Laylee frå 2017, og vart utgjeve digitalt til Microsoft Windows, PlayStation 4, Xbox One og Nintendo Switch i oktober 2019, der dei tre sistnemde plattformene òg fekk fysiske utgjevingar i ettertid.
Spelet er eit sidescrollande plattformspel i 2D, der spelaren kontrollerer kameleonen Yooka og flaggermusa Laylee for å fullføre ulike nivå. I nivåa er målsettinga å samle fjører og spesielle myntar, i tillegg til å frigjere ein «Beetalion»-medlem. Desse medlemmene gjev Yooka og Laylee ein ekstra sjanse som dei kan bruke i det endelege og vanskelegaste nivået i spelet.
Eit særtrekk med spelet er at det er mogeleg å gå inn i det siste nivået kva tid som helst i spelet, sjølv om spelet oppmodar spelaren til å først sikre seg ekstra sjansar ved å greie dei andre nivåa først. Kvart nivå i spelet har òg alternative utgåver, som spelaren kan aktivere med å gjere ting i hubverda som koplar nivåa saman.
Kjelder
Kategori:Dataspel frå 2019 Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Plattformspel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:Windows-spel Kategori:Xbox One-spel