The Last Record Album er det femte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Little Feat, gjeve ut i 1975.

I ei melding for AllMusic skreiv Stephen Thomas Erlewine: «For eit særs kort album -- berre åtte songar -- ramlar for mange av dei overende. Dei som blir ståande, særskild Paul Barrère og Bill Payne sin forsiktig framdrivande'All That You Dream,' Lowell George sin vakre 'Long Distance Love', og den strålande 'Mercenary Territory' .... Det er nok teikn av den sanne karakteren til Little Feat på The Last Record Album -- dei tre nemnde songane er essensielle for ein kvar Feat-fan -- men det er klårt at bandet byrja å gå tom for krefter.»

Plateomslaget vart illustrert av Neon Park.https://www.lambiek.net/artists/p/park_neon.htm Ein av songane, «Hi Roller,» vart stroken ut på plateomslaget, med kommentaren, «Kanskje neste gong». Songen var meint for det neste albumet deira, Time Loves a Hero.

Albumet vart stemd fram til 555. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).

Innhald

Salslister Liste (1975/76)PlasseringAustralia (Kent Music Report)51USA (Billboard 200)36

Medverkande

Paul Barrère - gitar, vokal Sam Clayton - conga Lowell George - vokal, gitar Kenny Gradney - bass Richard Hayward - trommer, vokal Bill Payne - klaverinstrument, synthesizer, vokal Valerie Carter - korvokal («Long Distance Love» og «One Love Stand») John Hall - gitar («All That You Dream») Fran Tate - korvokal («Long Distance Love» og «One Love Stand»)

Teknisk Lowell George - produsent George Massenburg - lydteknikar Neon Park - plateomslag

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Last Record Album» frå , den 6. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Little Feat-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album produserte av Lowell George Kategori:Plateomslag av Neon Park