Patrick Simmons () er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som medlem av rockebandet The Doobie Brothers. Han var fødd i Aberdeen i Washington, og har vore det einaste konstante medlemmet i bandet. Simmons skreiv og song mange av songane for The Doobie Brothers, inkludert «South City Midnight Lady», «Dependin' On You», «Echoes of Love», «Wheels of Fortune» og «Black Water», som var den første songen deira som gjekk til topps på singellista i USA.
The Doobie Brothers vart opphavleg oppløyst i 1982, hovudsakleg fordi Simmons valde å forlate gruppa og sidan han då var det einaste originale medlemmet som var att. I 1983 gav Simmons ut det første soloalbumet sitt, Arcade, på Elektra Records. Dette gav han den einaste topp 40-hitten hans, «So Wrong», som nådde 30. plassen på Billboard Hot 100. «So Wrong» vart òg ein overraskande hit på den amerikanske dance/disco-lista, der han nådde åttandeplassen. I 1998 gav Simmons ut det andre soloalbumet sitt, Take Me to the Highway.
Diskografi
Soloalbum 1983 - Arcade 1995 - Take Me to the Highway
Solosinglar 1983 - «So Wrong» 1983 - «Don't Make Me Do It»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Patrick Simmons» frå , den 7. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Folk frå Aberdeen i Washington Kategori:Musikarar frå San Jose i California Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:The Doobie Brothers-medlemmar Kategori:Sologitaristar Kategori:Fingerspelgitaristar