Matthew Kiprotich Birir () er ein kenyansk tidlegare hekkeløpar som i 1992 vart olympisk meister i 3000 meter hinder.
Birir sette juniorverdsrekord i 3000 m hinder i 1991. Under Sommar-OL 1992 stod medaljestriden på hinderløpet til sist mellom tre kenyanarar, Birir vann etter å ført løpet dei siste par rundane. I verdsmeisterskapen 1993 hamna Birir på fjerdeplassen då to landsmenn og italienaren Alessandro Lambruschini slo han i spurten. Tre år seinare vart Biri på ny fjerdemann i hinderløpet då dei olympiske sommarleikane 1996 fann stad i Atlanta. Atter måtte han sjå to landsmenn og Lambruschini føre seg på resultatlista, men då utan å vere på høgde før oppløpet.
Birir sin personlege rekord på 8.08,1 kom ved eit GP-stemne i Roma 8. juli 1995, der han vart nummer tre bakom to landsmenn.
Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje – 8.08,5, framom Patrick Sang (8.09,5) VM 1993 i Stuttgart: Nr 4 – 8.09,4 OL 1996 i Atlanta: Nr 4 – 8.17,1
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Matthew Birir» frå , den 22. september 2020.
World Athletics
Kategori:Kenyanske hinderløparar Kategori:Olympiske meistrar for Kenya Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996