thumb|Teikning av antependium frå Bilden kyrkje Bilden kyrkje stod ved garden Østre Bilden (gnr. 111) i Tingelstad i Gran kommune i Innlandet fylke. Ein trur at kyrkja var frå mellomalderen, men eldste bevarte skriftlege vitnesbyrd er i Povel Huitfeldt si stiftsbok, som omtalar «Bildenne Annexa» under Nikolaikyrkja, hovudkyrkja i Gran. Av Jens Nilssøn sin visitasrapport fra 1590-talet går det fram at kyrkja er ute av bruk, og at ho er av tre. Det siste gjer det nærliggjande å tru at det dreidde seg om ei stavkyrkje, noko Lorentz Dietrichson gjorde i sitt verk om stavkyrkjer. I 1732 var kyrkja forsvunnen, men i 1627 hadde doktor Peder Alfsøn besøkt den øyde kyrkja og laga ei teikning av antependiet, som i tillegg til illustrasjonar hadde ei runeinnskrift. Antependiet vart meldt forsvunne i 1743, og Alfsøn si teikning er einaste kjende illustrasjon av ein gjenstand frå kyrkja. Teikninga inngår i Den arnamagnæanske samling.

Kjelder

Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Oppland (Riksantikvaren, 2015), s. 84

Denne artikkelen bygger på «Bilden kirke» frå , den 22. september 2020.

Fotnotar Ifølgje kallsboka for Gran prestegjeld, men boka opplyser at den «meget vel mindes af gamle folck at have staaen». Hannibal Hammer i ein rapport om kyrkjene på Hadeland.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Gran Kategori:Kulturminne i Gran