mini|Akvarell av Sauland stavkyrkje måla av Joachim Frich. Biletet syner kyrkja utan 1700-talstilbygget i nord. Sauland stavkyrkje stod, som dagens kyrkje, på grunn tilhøyrande prestegarden, som opphaveleg heitte Sauland. På grunnlag av den bevarte portalen trur ein at kyrkja var frå 1200-talet. Soknet («Swidulandæ sokn») er nemnt i 1395 og kyrkja («kirkio vmbodh a Swidhulande») i 1470. Jens Nilssøn fortel i sin visitasrapport frå 1595 at «Seudelandz kircke» er anneks til «Hierdall» (Hjartdal) og har gudsteneste annankvar sundag (kvar tredje om vintaren).

Ifølgje Lorentz Dietrichson målte skipet 21 alen x 18 alen (13 m x 11 m), noko som gjer kyrkja større enn hovudkyrkja i Hjartdal. Dietrichson viser til ein synfaringsrapport frå 1662 der det går fram at svillane ved altaret i koret er rotne. I 1668 var det framleis svalgangar rundt heile kyrkja, men då kyrkja vart riven, stod berre den på vestsida att. På slutten av 1700-talet fekk kyrkja eit lafta tilbygg på nordsida. I 1840-åra var kyrkja i minste laget og nokså medteken. Det var snakk om vøling og utviding, men det endte opp med vedtak om ny kyrkje. Stavkyrkja vart riven i 1860, året etter at den nye kyrkja var teken i bruk. Interiøret i stavkyrkja er avbilda på eit måleri av Adolph Tidemand, «Gudstjeneste i en norsk landskirke».

Stavkyrkjeportal Ein portal frå stavkyrkja er stilt ut i den permanente mellomalderutstillinga i Kulturhistorisk museum i Oslo. Portalen har drake- og rankeutskjeringar i Sogn-Valdres-tradisjonen, og det har vore spekulert i om det kan ha stått ein vestlandskunstnar bak. Dietrichson seier om utskjeringane: «...de viser os det høieste høidepunkt, hvortil træskjærerornamentikken er drevet i vort land og synes at tilhøre den samme blomstring, som viser sig i Stedje og Aardals kirkes portaler omkring 1200.»

Andre gjenstandar frå stavkyrkja Eit altarbilete frå 1810 er å finne i det søraustre hjørnet i dagens kyrkje. Dei to kyrkjeklokkene frå stavkyrkja heng i tårnet. Preikestolen står i kyrkjelydshuset. Elles har ein m.a. teke vare på eit døypefontlokk, eit vigslevasskar, ein dørring og fragment av eit par hjulkrossar.

Kjelder

Den første stavkyrkja: Stavkyrkja i «Arven» (kyrkjelydsblad for Hjartdal, Sauland og Tuddal) nr. 5/2009, s. 2–3

Bakgrunnsstoff

Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2016), s. 82–83

Fotnotar Diplomatarium Norvegicum X:89

Diplomatarium Norvegicum IV:969

Sjå t.d. Dietrichson, s. 352.

Arven nr. 5/2009, s. 2. Arven nr. 5/2009, s. 3.

Jf. bilete på Kyrkjesøk.

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Hjartdal Kategori:Kulturminne i Hjartdal