Real Life er det niande studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i april 1991. Det var det første Simple Minds-albumet spelt inn utan klaverspelaren og det originale bandmedlemmet Mick MacNeil, som slutta i bandet kort tid etter den førre turneen var over i 1990. Kjernen i bandet på dette albumet bestod berre av Jim Kerr, Charlie Burchill og Mel Gaynor, medan resten av musikarane var studiomusikarar.
Musikk
Albumet inneheld fleire songar som er omarbeidingar av eldre materiale eller som vart omarbeidd til nye songar på seinare utgjevingar. «Let the Children Speak» er basert på den instrumentale «Theme for Great Cities» frå Sister Feelings Call frå 1981. Ei nyinnspeling av stykket, kalla «Theme for Great Cities '91» kom ut som B-sida til singelen «See the Lights». «Travelling Man» liknar på songen «Waterfront» frå Sparkle in the Rain frå 1983. «When Two Worlds Collide» er basert på tittelsporet og det same er songen «And the Band Played On» frå 1995, som kom ut på det neste albumet, Good News from the Next World. «Women and Ghosts» er ein omarbeidd instrumentalversjon av tittelsporet.
Utgjeving
Albumet nådde andreplassen på den britiske albumlista, og 74. plassen i USA. Det vart gjeve ut fire singlar som alle vart topp 40-hittar i Storbritannia, mellom anna «Let There Be Love», som nådde topp 10. I USA nådde «See the Lights» topp 40 og gjekk til topps på den amerikanske Modern Rock Tracks-lista.
Virgin gav ut ei ommastra utgåve av plata i 2002 og 2003. Desse utgåvene hadde ein lengre miks av «Let There Be Love», som ikkje finst på den originale utgjevinga, sjølv om dette ikkje er nemnt i plateomslaget.
Innhald
Medverkande
Simple Minds Jim Kerr – vokal Charlie Burchill – gitar, klaverinstrument Mel Gaynor – trommer
Andre medverkande Alfred Bos – skaft-gitar på «African Skies» Andy Duncan – perkusjon Malcolm Foster – bass Lisa Germano – fiolin Carol Kenyon – korvokal Stephen Lipson – produsent, bass, klaverinstrument, odaiko Wil Malone – orkesterarrangement Sonia Morgan Jones – korvokal Peter-John Vettese – klaverinstrument Gavyn Wright – dirigent
Teknisk Dougie Cowan – teknisk master Giles Cowley – miksing, mikseassistent Tony Donald – utstyrskoordinator, utstyrsteknikar Simon Fowler – kunstnarisk leiar, design, fotografi, stylist Efren Herrera – lydteknikar Simon Heyworth – mastering Ted Jensen – mastering Paul Kerr – logistikk Will Malone – orkestrering, orkesterarrangement Heff Moraes – lydteknikar, MIDI-lydteknikar, MIDI-manager Stylorouge – kunstnarisk leiar, design Gary Thomas – lydteknikar Au Yeung, Ying Ho – catering Jane Ventom – A&R
Salslister Album ÅrListePlasseringSertifisering1991UK Albums Chart2PlatinaUS Billboard 20074-
Singlar SingelListe (1991)Plassering«Let There Be Love»UK Singles Chart6«See the Lights»UK Singles Chart20US Billboard Hot 10040US Modern Rock Tracks1US Billboard Mainstream Rock10«Stand By Love»UK Singles Chart13US Modern Rock Tracks4«Real Life»UK Singles Chart34
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Real Life (Simple Minds album)» frå , den 10. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1991 Kategori:Album produserte av Stephen Lipson Kategori:Simple Minds-album Kategori:Virgin Records-album