«Sleepwalk» er ein song av Ultravox og den første singelen frå det fjerde albumet deira, Vienna, og den første med Midge Ure som frontmann. Det vart den første topp 30-hitten til Ultravox i Storbritannia, då songen nådde 29. plassen i august 1980.Sleepwalk Official Charts

«Sleepwalk» var den første songen bandet spelte inn med Midge Ure tidleg i 1980. I staden for å spele inn ein demoversjon av fleire songar for Chrysalis Records, valde bandet å spele inn ein «ferdig» versjon av «Sleepwalk» med produsenten Conny Plank, og dette sikra bandet plateavtale med Chrysalis Records. Originalversjonen vart seinare miksa på nytt og teken med på albumet Vienna. Det er ingen skilnad på album- og singelversjonen av songen. Teksten til songen vart skriven av Warren Cann. Songen kom ut på singel i juni 1980.Warren Cann interview by Jonas Wårstad

I tillegg til ein vanleg svart vinyl, vart 7"-utgåva gjeven ut på klår vinyl i avgrensa utgåve. B-sida til singelen, «Waiting», var ein rolegare, bassbasert song.

12"-versjonen av singelen inneheld ikkje ein lengre versjon av songen eller ein tredje song, men berre «Sleepwalk» ein gong på kvar side.

Innhald «Sleepwalk» – 3:10 «Waiting» – 3:51

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sleepwalk (song)» frå , den 4. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Ultravox-songar Kategori:Songar skrivne av Midge Ure Kategori:Songar skrivne av Billy Currie Kategori:Songar skrivne av Warren Cann Kategori:Songar skrivne av Chris Cross Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Chrysalis Records-singlar