«All Stood Still» er ein song av Ultravox, gjeven ut som den fjerde og siste singelen frå albumet Vienna, den 26. mai 1981 på Chrysalis Records.
Singelen var oppfølgjaren til «Vienna» og nådde åttandeplassen på UK Singles Chart, den andre topp 10-hitten til Ultravox. Det vart ikkje laga musikkvideo til songen, men han vart nytta i den første skateboard-videoen, Skateboarding in the '80's, med Tony Hawk og Rodney Mullen.
B-sidene var to originale instrumentalar.
Innhald 7"-versjonen «All Stood Still» – 3:40 «Alles Klar» – 4:53
12"-versjon «All Stood Still» (12"-versjon) – 5:05 «Alles Klar» – 4:53 «Keep Torque-ing» – 6:21
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «All Stood Still» frå , den 4. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Ultravox-songar Kategori:Songar skrivne av Midge Ure Kategori:Songar skrivne av Warren Cann Kategori:Songar skrivne av Chris Cross Kategori:Songar skrivne av Billy Currie Kategori:Chrysalis Records-singlar