Ultravox! er det sjølvoppkalla debutalbumet til det britiske new wave-bandet Ultravox! Det vart spelt inn i Island Studios i Hammersmith i London hausten 1976 og produsert av Ultravox! og Steve Lillywhite med studioassistanse frå Brian Eno. Albumet kom ut 25. februar 1977 på Island.
Låtskriving
Songane «Sat'day Night in the City of the Dead» og «Dangerous Rhythm», i tillegg til andre songar frå albumet, vart skrivne medan bandet vart kalla Tiger Lily. Den første songen vart skriven før punken slo gjennom. Den sistnemnde var inspirert av reggae og var den første singelen deira i februar 1977. Bandet hadde tidleg som mål å kombinere popmusikken frå 1950- og 1960-åra med intensiteten i rock og glamrock og dette utvikla seg til lengre og meir intrikate songar som «I Want to Be a Machine». Songen «My Sex» vart framført med synthesizer. Tekstane på albumet omhandlar miljøet i London der bandet budde i midten av 1970-åra. Tekstforfattaren John Foxx var kraftig inspirert av J.G. Ballard.«Life At Rainbow's End (For All The Tax Exiles On Main Street)» kritiserer dei då såkalla «dinosaur»-banda frå fortida, nemleg The Rolling Stones, som gav ut albumet Exile On Main Street i 1972.
Mottaking
Ada Wilson i The Rough Guide to Rock skreiv at albumet «ikkje klarte å gjenskape energien dei hadde på scenen». I ei seinare melding skreiv Dave Thompson for AllMusic at «det var Ultravox! som først synte kva slags farlege rytmar eit klaverinstrument kan skape. Kvintetten hadde heilt klart sine føregangarar – Hawkwind, Roxy Music og Kraftwerk for å nemne nokon - men det var likevel debutplata til gruppa (med produsenten Brian Eno), innpakka i herja stemningar og tekstar om kollaps og forfall, som transporterte 70-talsroccken frå dei oppblåste beitemarkene til den futuristiske dystopien punken snakka om.»
Innhald
Medverkande
Ultravox! Warren Cann – trommer, korvokal Chris Cross – bass, korvokal Billy Currie – klaverinstrument, fiolin John Foxx – solovokal, akustisk gitar på «I Want to Be a Machine», munnspel på «Sat'day Night in the City of the Dead» Stevie Shears – gitar
Teknisk Terry Barham – assisterande lydteknikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ultravox! (album)» frå , den 30. august 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Album produserte av Brian Eno Kategori:Album produserte av Steve Lillywhite Kategori:Ultravox-album Kategori:Debutalbum frå 1977 Kategori:Island Records-album