Tangshu, òg Eldre tangshu eller Boka om Tang, er eit kinesisk historieverk.

Tangshu er ei krønike over Tang-dynastiet skriven under leiing av Liu Xu på oppdrag frå general Shi Jingtang. Boka var ferdig i 945. Verket samlar informasjon frå ei mengd tidlegare skrifter som sidan er gått tapt. Blant desse monografane og biografane kan ein særleg trekka fram Tongdian av Du You.

Tangshu var ei av kjeldene for Xin Tangshu, Den nye Tangboka, som blei sett saman drygt 100 år seinare.

Verket består av 200 kapittel (skrivne i separate bokrullar) og er delt inn i tre delar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tangshu» frå , den 31. august 2020.

Bakgrunnsstoff Tangshu på Wikisource

Kategori:Dei 24 historieverka Kategori:Tang-dynastiet Kategori:Bøker frå 900-talet Kategori:Kinesiske historieverk